Hopp til innhold
Olav Skjerven. Fotokjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Olav Skjerven. Fotokjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Olav Skjerven

Olav Skjerven var lærar frå Vik i Sogn. Han skreiv fleire artiklar om norsk folkehumor og eit skodespel for ungdomslag om bygdespelemannen som får høve til å utdanne seg til komponist.

Skjerven var fødd 15. februar 1880 i Vik i Sogn og døydde 3. mai 1959 i Borge i Østfold.

Etter mellomskulen på Voss tok Skjerven examen artium i Bergen i 1902. Han tok eksamen ved lærarskulen på Elverum i 1906.

Skjerven var lærar i Spind ved Farsund i 1906–08, i Bruvik i 1908–10 og på Lista i 1910–19. På Lista var han førstelærar ved framhaldsskulen og frå 1912 inspektør i folkeskulen. I 1919 vart han tilsett som skuleinspektør i Borge ved Fredrikstad, og her vart han verande til han gjekk av med pensjon.

Skjerven var litteraturinteressert og skreiv om bøker både i Fredriksstad Blad og i Dagbladet Sarpen. Eit anna interessefelt var norsk folkehumor, og i 1927 fekk han prenta artikkelen «Austlandsk, vestlandsk og sørlandsk humor» i vekebladet For Bygd og By. I 1932 hadde han artiklar om humor både i Dagbladet og i Bergens Tidende. Dette temaet følgde han opp med «Humoren hjå Olav Duun» (Syn og Segn 1936) og ein artikkelserie i same tidsskriftet i åra 1949 til 1952. I Jol i Sogn i 1954 skreiv han om humoren i Sogn. For Skjerven var det samanheng mellom humor og folkelynne, og han tok med ordtak, replikkar, stubbar, seiemåtar og soger frå dei ulike geografiske områda for å vise dette.

Skjerven var medarbeidar i Bygdabok for Vik i Sogn (1951 og 1956) og skreiv her om målføret, humoren, folkelynnet, segner og stadnamn.

I 1955 kom Fjellet syng, eit skodespel i to akter for ungdomslag. Det er ei forteljing om ein gåverik bygdespelemann som får høve til å reise ut og utdanne seg i klassisk retning. Skodespelet har sterke nasjonale og romantiske drag – med naturinspirerte kunstnarar og folkemusikk som sentrale element. Fjellet syng vart oppført første gongen på Nesna lærarskule.

Olav Skjerven om norsk folkehumor:

«Austlandsk, vestlandsk og sørlandsk humor», For Bygd og By, nr. 1/1927
«Humoren hjå Olav Duun», Syn og Segn 1936
«Humoren i ei fjellbygd på Vestlandet. Myrkdalen», Syn og Segn 1949
«Humoren i ei fjordbygd på Vestlandet. Vik i Sogn», Syn og Segn 1950
«Humoren på Voss», Syn og Segn 1950
«Humoren på Jæren og Lista», Syn og Segn 1951
«Humoren i Sunnfjord», Syn og Segn 1952
«Humoren i Sogn», Jol i Sogn 1954

Kjelder

Jarle Bondevik: «Olav Skjerven 1880–1959», Pridlao nr. 3/1994, Vik i Sogn

Arne Espeland (red.) Norske skulefolk. Stavanger 1934

Wilhelm Munthe ofl. (red.): Studentene fra 1902. Oslo 1927

Bjarne Røsjø: «Olav Skjerven 1880–1959. Lærer, skribent og humorist», Pridlao nr. 2/2011, Vik i Sogn

 

Peikarar

Forfattarside om Olav Skjerven på nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane, forfattarar.sfj.no

Olav Skjerven: Fjellet syng. Bøstad 1955. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no


Sist oppdatert: 21.10.2020