Innhald
Sigurd Senje
Sigurd Senje, 1919–93, var forfattar og debuterte med barneboka Sleiven finner kursen i 1959, følgd av fleire barne- og ungdomsbøker, mellom andre Quislings gutt og Dum-dum-kuler! som begge kom i 1973.
Senje gav òg ut ei rekkje miljøbøker, mellom andre Skjærgårdsparken frå 1976, Østmarka på nytt frå 1987, Oslo øst – Bystrøk og akergårder i bilder frå 1993. Han skreiv òg krigsbøker, mellom andre Ekko fra Skriktjenn frå 1982, som vart filmatisert, og Dømte kvinner frå 1986.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013