Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Solfrid Sivertsen

Solfrid Sivertsen, bibliotekar og forfattar av stillfarande realistiske dikt, noveller, romanar og barnebøker.

Solfrid Sivertsen er fødd 29. desember 1947 i Mosterhamn og er framleis busett på Bømlo. Ho er syster til den avdøde artisten Kenneth Sivertsen. Tidlegare har ho arbeidd på sjukehus i England og som resepsjonist i Bergen. No arbeider ho i deltidsstilling som bibliotekar på Moster skule i tillegg til forfattaryrket.
Ho debuterte i 1986 med novellesamlinga Porselensfiguren. Diktsamlinga Bortanfor mellomste rommet kom i 1988 og debutromanen Grøn koffert i 1994. Ho har gitt ut fleire barnebøker, den første var På ein krakk, på ein stol (1998).
Sivertsen skriv lyrisk, utan klisjear og med innsikt om tilsynelatande kvardagslege ting utan å sjokkere. Ho skriv om omsorg, kvardagsliv, barndom, lagnader, lengt, sanning og livsløgner. Ho meistrar kombinasjonen av stillfarande realisme og stor dramatikk.
I 1994 fekk Sivertsen Nynorsk litteraturpris for romanen Grøn koffert. I 2010 vann ho førsteprisen i MARGboks romankonkurranse med Før klokka fire.
Kjelder
Sofie Braut: «Vellukka om viktige småting», bokomtale, aftenposten.no, sist oppdatert 19.12.2006, http://www.aftenbladet.no/kultur/bok/article387920.ece [lesedato 26.4.2011]
Nynorsk litteraturpris, historisk oversikt over tildelingar, nm.no, http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10235,10237 [lesedato 26.4.2011]
Presentasjon av vinnaren av MARGboks romankonkurranse 2010, Før klokka fire, margmedia.no, publisert 13.4.2010, http://www.margmedia.no/margbok/anmeldelser/80-forklokkafire [lesedato 26.4.2011]
Solfrid Sivertsen, forfattarside, samlaget.no, http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/S/Solfrid-Sivertsen.aspx [lesedato 26.4.2011]

Først publisert: 26.04.2011
Sist oppdatert: 03.05.2013