Hopp til innhold
X
Innhald

Svanaug Steinnes

Svanaug Steinnes, omsetjar, skribent og teaterarbeidar. Som omsetjar har ho særleg omsett prosa og teaterstykke frå romanske språk.

Svanaug Steinnes er fødd 4. august 1944 i Ringsaker og voks opp på Nordvestlandet og i Rogaland. Ho tok examen artium ved Rogaland off. landsgymnas i 1963 og vart cand.mag. ved Universitetet i Oslo i 1971 med faga litteraturkunnskap, kunsthistorie og teatervitskap. I 1963–64 studerte ho ved Kunst- og handverksskolen i Oslo, og i 1980–81 tok ho teaterutdanning ved Drama Studio London i Storbritannia. Ho har òg hatt ymse studieopphald i Frankrike, Spania, Italia og Portugal.
Steinnes har omsett bøker frå fransk, spansk, italiensk og portugisk, som regel til nynorsk. For Noregs Ungdomslag har ho omsett teaterstykke av Molière (Jørgen Svime, eller Den forvirra ektemannen og Giftarmål med tvang) og av Marivaux (Mødreskolen). For Statens teaterhøgskole har ho omsett Molières Dokter mot sin vilje. I lengre tid omsette ho artiklar frå Le Monde for Dag og Tid. Ho har skrive for Norsk Barneblad, og ho har omsett lærebøker frå bokmål til nynorsk. Ho har òg omsett sakprosabøker.
I perioden 1976–90 hadde Steinnes årvisse turnéengasjement for Riksgalleriet. Ho har hatt kortare engasjement som dramalærar på folkehøgskule, har vore instruktør for ungdomslag og har hatt oppdrag som sufflør og rekvisitør. Ho har òg hatt ein del mindre roller i film- og teaterproduksjonar.
I 2003 gav Steinnes ut ei bok om morbroren Åsmund Sveen, Ei kjelde djup. Diktinga og livet til Åsmund Sveen, og i 2009 ei reiseordbok, Portugiske ord på reisen.
Kjelder
Samtalar med Svanaug Steinnes 06.10. og 16.11.2009 og 15.02.2010
Søk i basane til Nasjonalbiblioteket

Først publisert: 30.04.2010
Sist oppdatert: 03.05.2013