Hopp til innhold

Sverre Steen

Sverre Steen, historieprofessor som skreiv om norsk historie frå mellomalderen til si eiga samtid. Med eineståande formidlingsevne og blikk for dei lange linjene førte han historieforskinga ut til det norske folk.

Sverre Steen var fødd 1. august 1898 i Bergen og døydde 23. juni 1983 i Oslo. I 1924 vart han cand.philol., i 1927 universitetsstipendiat ved Universitetet i Oslo (UiO). Frå 1933 var han dosent ved UiO, frå 1938 til 1965 professor i historie same staden. Han var gift med Ellisiv Steen, som òg var professor ved UiO.

Politisk historie i Noreg, frå høgmellomalderen til 1900-talet, var emnet for Steen si forsking. Kollegaar anerkjente tidleg dei vide kunnskapane og den stilsikre pennen hans, til dømes i dei fire banda han skreiv for ellevebindsverket Det norske folks liv og historie gjennom tidene (1930–1938). Historiske overgangar var særleg viktige hos Steen, som uttrykk for langsiktige sosiale og kulturelle omformingar. Det frie Norge (1951–72) var storverket hans, i seks band. Her tolka Steen 1814 konservativt, fridomen hadde kome utanfrå, som ei gåve.

Forteljinga var Steens metode. Han skreiv teoretiske artiklar i Historisk tidsskrift, men ville ikkje skrive «for en sekt av fagfolk» og brann mest for den breie formidlinga. Ofte skreiv han om historiske emne i avisene. I den populære radioforelesinga «Langsomt ble landet vårt eget», som seinare kom i bokform, nådde han øyra til folk flest.

Steen var redaktør for fleire tidsskrift og sentrale bokverk: Norsk kulturhistorie (1938–42), Norges krig 1940–1945 (1947–50) og Det norske Storting gjennom 150 år (1964). Dei pedagogiske evnene hans gjorde han høgt skatta hos studentane. Kunnskapane og dei menneskelege eigenskapane hans gjorde han òg høgt verdsett som kollega og opponent. Steen vart arrestert under andre verdskrigen. Etter krigen sat han i Undersøkingskommisjonen, som granska dei sivile og militære styresmaktene sine handlingar før og etter 9. april 1940.

Steen var viseformann i Noregs allmennvitskapelege forskingsråd i 1949–53 og vart kommandør av St. Olavs Orden i 1965. Den norske historieforening sin pris for formidling ber namnet til Sverre Steen.

 

Kjelder

Øystein Rian (red.): Historiske perler. Norsk historieskrivning gjennom 800 år. Oslo 1998

Sverre Steen: Tusen års norsk historie. Artikler og avhandlinger av Sverre Steen. Oslo 1958

 

Peikarar

Jan Thomas Kobberrød: «Langsomt ble landet vårt eget», tekst om Sverre Steen og radioserien frå 1967 med same namn, nrk.no, publisert 30.6.2003

Først publisert: 05.11.2020
Sist oppdatert: 05.11.2020