Hopp til innhold
X
Innhald

Vidar Sandbeck

Vidar Sandbeck, prisløna og folkekjær visesongar og forfattar. Han var i mange år fast gjest i Søndagsposten og i Barnetimen for dei minste, med viser som «Menuett i mai» og «Bildilla». Sandbeck laga over 300 viser, og han skreiv romanar for vaksne og barn.

Vidar Sandbeck var fødd på Åsta i Åmot kommune 21. juli 1918, og han døydde 10. november 2005 på Åsta. Han hadde inga formell utdanning. Far hans var husmann, skogsarbeidar og politisk engasjert, og det var ein bakgrunn som vart viktig i den kunstnarlege produksjonen til Sandbeck. Han byrja å spele fele i niårsalderen, og dei første dikta skreiv han frå han var 12 år gamal.

Sandbeck starta den litterære karrieren sin med lyrikksamlinga I dørgløtten. Viser og vers i 1954. Dei over 300 visene han har skrive tekst og melodi til, er samla i visesongbøker. Gjennom plateopptak, speling i radio og fjernsyn og mange års turnéverksemd i heile Noreg vart Sandbeck ein vidgjeten visesongar. Han var òg prosaforfattar og har skrive barnebøker og romanar for vaksne, mellom dei ein sjølvbiografisk romanserie på sju band om livet til dei som bur på husmannsplassen Myra.

Miljøet i Østerdalen var viktig for kunstnarkarrieren til Sandbeck. Han ville bu på Åsta, for han såg det lokale som eit sentralt vilkår for kunstnarlivet. Identitet og det å vite kvar ein kjem frå, er noko Sandbeck stadig kjem attende til i diktinga si. Gjennom denne sterke tilhøyrselen vart han ein viktig ambassadør for heimplassen sin. Åmot kommune har oppretta «Sandbeckstiftelsen», der målet er å ta vare på den kulturarven som produksjonen til Sandbeck representerer.

I 1984 fekk Sandbeck Åmot kommunes kulturpris, i 1992 fekk han Spelemannsprisen i klassen for visesong og i tillegg Spelemannsprisens heiderspris. Han fekk Hedemark fylkes kulturpris i 1994. I 2003 fekk han Alf Prøysens Ærespris, og han vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i gull same året.

Vidar Sandbeck, 1964. Foto: Dagfinn Grønoset, kjelde: Glomdalsmuseet på digitaltmuseum.no CC BY-NC-ND 4.0 (arkivnr. DGS.1953).

Vidar Sandbeck, 1964. Foto: Dagfinn Grønoset, kjelde: Glomdalsmuseet på digitaltmuseum.no CC BY-NC-ND 4.0 (arkivnr. DGS.1953).

Visesongar

I 1958 sende Sandbeck inn nokre viser til Alf Prøysen og Otto Nielsen i «Søndagsposten» i NRK radio. Her fekk han framføre visa «Pengegaloppen», noko som vart eit gjennombrot. Visa vart mykje spela i radio, og i 1959 kom visesongboka Pengegaloppen og andre viser. Dette var den første av i alt ni visesongbøker som Sandbeck gav ut. I 1992 kom Den store viseboka, som inneheld hundre av visene hans.

Frå debuten i 1958 og fram til han døydde var Sandbeck ein av dei mest populære visesongarane i Noreg. Som fast gjest i radioprogramma «Søndagsposten» og «Barnetimen for dei minste», vart NRK i desse åra ein viktig arena for Sandbeck. Mange av dei over 300 visene han laga, vart presenterte på riksdekkjande radio. Sandbeck hadde ei songstemme som var lett å kjenne att, og saman med orkesterarrangementa til Ragnar Danielsen fekk visene hans eit karakteristisk særpreg. Nokre av dei mest kjente og populære visene er «Pengegaloppen» (1958), «Gull og grønne skoger» (1959), «Bildilla» (1959), «Menuett i mai» (1960) og «Kan du låne bort en femmer?» (1975). Sandbeck var både tekstforfattar og komponist til visene.

Også andre artistar har nytt godt av tekstane og melodiane som Sandbeck laga. Store plateprosjekt er Lasse synger Vidar Sandbeck (1989), med Lasse Johansen, og Gull i fra grønne skoger (2003), der mellom anna Grethe Kausland, Eldar Vågan, Jan Eggum, Halvdan Sivertsen og Vamp spelar favorittvisene sine av Sandbeck. Wenche Myhre og Erik Bye har òg tolka viser av Sandbeck.

Video: Vidar Sandbeck syng «Menuett i mai».

Romanforfattar og barnebokforfattar

Lyrikksamlinga I dørgløtten. Viser og vers kom i 1954, og vart følgd opp av visesongboka Pengegaloppen i 1959. Etter å ha gitt ut fire visebøker debuterte Sandbeck som romanforfattar med Rundtramper og flatfele i 1962. Gjennombrotet som prosaforfattar kom derimot med dei sjølvbiografiske romanane, der Sandbeck skreiv på dialekt. I ein romanserie for barn, på ni band, skreiv Sandbeck om Påsan frå husmannsplassen Myra. I vaksenserien, på sju band, treffer vi Påsan og den klassebevisste faren Rudolf, og miljøet er det same som i barnebøkene. Rudolf er skogsarbeidaren som nektar å bøye hovudet i motgang. I dei sju bøkene frå Fy skam (1977) og til Far (1984), skildrar Sandbeck livet i eit proletært småbrukarmiljø.

Sandbeck skreiv òg andre barnebøker, til dømes Skatten på Jordbærøya (1968), Jul i Myra (1985) og Bryllupet i Myra (1989). Mange unge lyttarar fekk eit nært forhold til bøkene og visene til Sandbeck gjennom fleire år med opplesingar og song i radioprogrammet «Barnetimen for dei minste».

Kjelder

Thorbjørn Bakken: Vidar Sandbeck. Hans liv og virke. Trysil-forlaget, 2005

Vidar Sandbeck, forfattarside, Sandbeckstiftelsen, vidarsandbeck.comwww.vidarsandbeck.com/ [lesedato 20.08.2012]

Vidar Sandbeck, biografi, rockipedia.nohttp://www.rockipedia.no/Vault.aspx?entity=34957 [lesedato 20.08.2012]

Peikarar

Nettstad om Vidar Sandbeck og 100-årsjubileet i 2018

Knut Fjeld: «Vidar Sandbeck er død», www.ostlendingen.no

Om Vidar Sandbeck på NRK Radio «God helg» 10.8.2013 (lydklipp)

Først publisert: 26.09.2013
Sist oppdatert: 31.07.2018