Hopp til innhold
Wera Sæther. Foto: Are Siland med løyve frå Cappelen Damm.
Wera Sæther. Foto: Are Siland med løyve frå Cappelen Damm.
X
Innhald

Wera Sæther

Wera Sæther er forfattar, psykolog og fotograf. Sæther har vore statsstipendiat sidan 1996.

Wera Sæther, fødd i 1945, er forfattar, psykolog og fotograf. Ho debuterte med diktsamlinga Barnet og brødet i 1973 og i 1974 kom fagboka Kvinnen, kroppen og angsten om anoreksi. Sæther har òg skrive fleire dokumentarbøker, mellom andre Hvit sol (1983) om en reise i India, Rwandas øyne (1994) og Maisbarnebarna (1996). Ho har òg skrive romanar, mellom andre A for ansikt (1994), Ruts bok 1989 (1995), Denne krukken er knust (1998), Støvets sønn (1998) og Brent barn (2000). I 2009 gav ut ho En annens navn i munnen, den femte boka hennar som handlar om Rut. Sæther har òg skrive essay, fleire diktsamlingar, mellom andre Mannen og datteren (2010) og Ukjent fugl (2012), og barnebøker. Sæther har vore statsstipendiat sidan 1996. Same året fekk ho Doblougprisen, og i 1999 fekk ho Ossietzky-prisen. I 2012 fekk ho Den norske Forfatterforenings Ytringsfrihetspris.

Først publisert: 10.05.2016
Sist oppdatert: 10.05.2016