Hopp til innhold
X
Innhald

Einride Tveito

Einride Tveito (1877–1957) var fødd i Aure. Familien flytte seinare tilbake til slektsgarden i Ulvik. Tveito utdanna seg til lærar og arbeidde på Jæren og i Stavanger.

Tveito var ein av dei nynorske forfattarane som skreiv for teateret, og fekk oppført dei fleste av stykka sine. Han debuterte med romanen Bygdespelaren i 1907, og det første dramaet, Andsvar, kom i 1916. Det handlar om ein ung mann som rømmer når han blir far. Stykket vart oppført same år, og det same vart Mikaelskyrkja (1917), Ættargarden (1918) og Ran (1920).

Det siste slo godt an bade hos publikum og kritikarane. Det handlar om ei jente som gifter seg med ein gammal, rik mann for pengane, men som etter kvart misser bade pengane og kjærasten som skulle vente på henne. Stykka til Tveito har gjerne ein kjærleiksproblematikk som ≪motor≫, i kombinasjon med slektsproblematikk, attekjensle og moralske spørsmål.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 18.06.2018
Sist oppdatert: 11.10.2018