Hopp til innhold
Jan Jakob Tønseth. Foto: Fredrik Arff med løyve frå Cappelen Damm.
Jan Jakob Tønseth. Foto: Fredrik Arff med løyve frå Cappelen Damm.
X
Innhald

Jan Jakob Tønseth

Jan Jakob Tønseth, forfattar, omsetjar og litteraturkritikar.

Jan Jakob Tønseth, 1947–2018, var forfattar, omsetjar og litteraturkritikar. Han gav ut fleire diktsamlingar, mellom andre debuten Kimærer (1971), Referanser (fjerne og nære) (1979), Lengsel og lede (1987), Motgift (1994) og Fromme vers for enkle sjeler (2008). Saman med Arne Kjell Haugen gjendikta han Rimbaud, Mallarmé og Apollinaire.

Romandebuten om antihelten Hilmar Iversen: Hilmar Iversens ensomhet, kom i 1992. Vidare skreiv Tønseth Et vennskap (1997), Resignasjon og portvin (2002) og Prosten (2013). Novellesamlinga von Aschenbachs fristelse kom ut i 2006. Han skreiv òg prosatekster og essay. Biografien En rar skrue. Fenomenet Kjell Aukrust kom ut i 2000. Tønseth fekk P2-lyttaranes romanpris for Et vennskap i 1997, Cappelenprisen i 2002 og Doblougprisen i 2007

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.05.2016
Sist oppdatert: 17.10.2018