Hopp til innhold

Aslaug Vaa

Aslaug Vaa

Aslaug Vaa, norsk lyrikar, dramatikar og essayist. Vaa var ein pioner innanfor den tidlege kvinnelyrikken på nynorsk. Som teaterdiktar fornya ho det norske teatret ved å skrive poetisk dramatikk.

Les meir om Aslaug Vaa

Guri Vesaas

Guri Vesaas, forlagsredaktør. Med gode hjelparar, men mest av eiga kraft, fornya Guri Vesaas den nynorske barneboktradisjonen frå 1970-åra og utetter, og ho blei den fremste barnebokforleggjaren i landet.

Les meir om Guri Vesaas

Tarjei Vesaas

Tarjei Vesaas

Tarjei Vesaas var ein av dei viktigaste forfattarane i Norden i det 20. hundreåret. Han skreiv både forteljande prosa, lyrikk og dramatikk og er omsett til mange språk. Også utanfor Norden vert han rekna som ein stor forfattar.

Les meir om Tarjei Vesaas

Kjell Venås

Kjell Venås, professor emeritus i nordisk språkvitskap og ein av dei fremste og mest vidtfemnande forskarane i nordisk språkvitskap i etterkrigstida.

Les meir om Kjell Venås

Tilla Valstad

Tilla Mathilde Georgine Valstad, forfattar og kulturarbeidar, som skreiv kvinnehistorie, for ho var den første gifte yrkesaktive lærarinna i Kristiania. Særleg arbeidde skipsreiardottera for vanskelegstilte barn.

Les meir om Tilla Valstad

Otto Valstad

Otto Valstad, lærar som gjorde forfattar og målar av seg, og som foreviga Arne og Hulda Garborg på lerretet. Sjølv er han på det nærmaste gløymd, sidan produksjonen hans var ujamn.

Les meir om Otto Valstad

Nikka Vonen

Nikka Vonen

Nikka Vonen, døypt Nicoline Marie Vonen, skulestyrar og folkeminnesamlar. Ho dreiv pensjonatskule i Fjaler i 38 år, skreiv ned folkeminne og folkeskildringar og var den første kvinna i Vestmannalaget.

Les meir om Nikka Vonen

Vetle Vislie

Vetle Gjermundson Vislie, forfattar og skulemann som formidla litteratur i læraryrket og som faglitterat. Vislie lyfte fram breidda i norsk litteratur gjennom Boksoga (1901), som kom i fleire utgåver og fekk utbreiing langt utover lærarutdanninga.

Les meir om Vetle Vislie

Ragnvald Vaage

Ragnvald Vaage var bonde og diktar. Han skreiv litteratur i ulike sjangrar for vaksne og barn, ofte med kritisk blikk på bygdemiljø og barns oppvekstkår.

Les meir om Ragnvald Vaage

Jan Erik Vold

Jan Erik Vold

Jan Erik Vold er ein allsidig og leikande forfattar og unik formidlar. Han er også ein særs viktig redaktør, gjendiktar, essayist og modernistisk poet. I tillegg er han ein unik scenekunstnar og plateartist, med ein heilt særeigen framføringsstil.

Les meir om Jan Erik Vold