Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Vikøren

Olav Vikøren var lærar, forkynnar og forfattar som åtvara mot avkristning og forfall i bøkene sine.

Olav Vikøren var fødd i Vik i Sogn 6. november 1884 og døydde 5. september 1964 i Bergen.

Vikøren gjekk lærarskulen på Stord, med eksamen i 1904. Han var lærar fleire stader i landet, i Hafslo i Sogn (1905–06), Herand i Hardanger (1906–12) og Haukeland skole i Bergen (1912–20). Skuleåret 1920–21 var han lærar ved bibelskulen i Bergen, og frå 1921 var han styrar ved Nordhordland Folkehøgskule på Frekhaug. I 1928 flytta han til Gjøvik, der han vart styrar av Oplandenes kristelige ungdomsskole, Viken. Denne stillinga hadde han til 1945, då han vart pensjonist.

Vikøren var aktiv både i misjons- og i mållagsarbeid. Politisk var han engasjert i Kristeleg Folkeparti, og han sat i styret for det første lokallaget i Oppland. Han var òg sterkt engasjert i søndagsskulearbeid, og den første sakprosaboka hans var ei samling med foredrag som han hadde halde om søndagsskulen, For søndagsskolen (1917).

Vikøren debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1917 med Ivar Vaardal, ei forteljing for ungdom med tydeleg forkynnande innhald. Dette er ei forteljing i same tradisjon som Lars Rustbøle, Per Hilleren og andre kristelege forfattarar skreiv i. Seinare vart bøkene til Vikøren særeigne tekstar der det vekslar mellom teologiske kommentarar, råd om livsførsel og forteljande innslag. Alle bøkene hans handlar om vegar til frelse, og om dei farane som møter ein kristen i samtida, anten ein er barn, ungdom eller vaksen. Forfattaren åtvarar mot «tidsånda», prega av åndeleg forfall, i eit samfunn på veg mot kaos og undergang.

Den blåe elden (1938) er ei todelt bok, der forfattaren i første del skildrar åndskampen mellom satansmakta og dei gode kreftene, frå Edens hage til Jesu oppstode. Den blå elden er symbol for dei vonde åndsmaktene. Del to er forteljinga om læraren Dagfinn Lid og hans erfaringar med dei vonde freistingsmaktene i tilværet. I Når Jesus kommer igjen. «Tusenårsriket» og de siste ting (1949) tolkar Vikøren «Johannes' openberring», og finn mange teikn i samtida på at det går mot endetida.

På den andre sida (1939) er ei forteljing i sjangeren visjonsprosa, med slektskap til både «Draumkvedet» og Garborgs «Haugtussa». Hovudpersonen Brita er synsk og kan sjå inn i «den andre verda». Der opplever ho møte med fortapte sjeler og får høyre om dei dårlege vala dei har gjort på livsvegen. Ho får sjå helvete og kor ille straffene der kan vere. Men ho får òg kome til Paradis, der ho får møte mellom anna Paulus, Johannes, Luther og salmediktaren Brorson.

Vikøren var aktiv i Norsk Kristelig Forfatterlag, som eksisterte frå 1938 til 1946. Han var òg leiar i laget ei stund.

Olav Vikøren var far til David Vikøren, administrerande direktør i Norges Rederforbund 1977–92.

Kjelder

Birger Magnus Vikøren og Arne Inge Sæbø: «Olav Vikøren 1884–1964», i Pridlao nr. 1/1998, utgitt av Vik lokalhistoriske arkiv.

Forfattarside om Olav Vikøren på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no http://forfattarar.sfj.no/olav-vikoren/

Peikarar

Digitaliserte bøker av Olav Vikøren på Nasjonalbiblioteket, nb.no https://www.nb.no/search?q=olav%20vik%C3%B8ren&mediatype=b%C3%B8ker

Først publisert: 26.11.2019
Sist oppdatert: 26.11.2019