Hopp til innhold
X
Innhald

Herman Wildenvey

Herman Wildenvey, som eigentleg heitte Portaas, 1886­–1959, var forfattar og ein av dei fremste norske lyrikarane i det 20. hundreåret. Han debuterte i 1902 med Campanula under det opphavlege namnet Herman Portaas, men Nyinger frå 1907 vert rekna for å vere den eigentlege debuten.
 
Andre viktige samlingar frå Wildenvey var Kjærtegn frå 1916, Alleslags vers frå 1919, Kjærlighetsdikt frå 1922, Fiken av tistler frå 1925, Høstens lyre frå 1931, Filomele frå 1946 og Ugler til Aten frå 1953. Han skreiv òg novellesamlingar og tre memoarbøker: Vingehesten og verden i 1937, Den nye rytmen i 1938 og En lykkelig tid i 1940, skodespel og fleire gjendiktingar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013