Hopp til innhold
 Welhaven teikna av Johan Vilhelm Gertner. Nasjonalbiblioteket ds_02018.
Welhaven teikna av Johan Vilhelm Gertner. Nasjonalbiblioteket ds_02018.
X
Innhald

Johan Sebastian Welhaven

Johan Sebastian Welhaven, 1807–73, var fødd i Bergen, diktar og professor i filosofi.
Johan Sebastian Welhaven, 1807–73, var fødd i Bergen, diktar og professor i filosofi. I Norges Dæmring frå 1834 gjekk han til åtak på kulturforfallet i landet med brodd mot Henrik Wergeland.
 
Welhaven skreiv ei rekkje antikkinspirerte dikt som spegla ei idealistisk-klassisk livshaldning med sterke krav til venleik og sanning. Diktet "Digtets Aand" i Nyere Digte frå 1844 er eit poetisk uttrykk for kravet om harmonisk eining mellom form og innhald.
 
Mellom andre samlinga Halvhundrede Digte frå 1847–48 har òg utprega elegiske trekk, men dei romantiske sidene kjem til uttrykk i ei rekkje nasjonale romansar og balladar, som i "En vise om Hellig Olaf" og "Aasgaardsreien". Det polemiske oppgjeret hans med holt frasemakeri vert uttrykt i Republikanerne.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 21.05.2013