Hopp til innhold
Foto: Siri Vaggen Olsen/ Samlaget
Foto: Siri Vaggen Olsen/ Samlaget
X
Innhald

Stephen J. Walton

Stephen J. Walton, professor. Som engelskmann har Walton auka nordmenns innsikt i eiga kulturhistorie.

Walton er fødd i Leicester, England 16. mai 1958, men er norsk statsborgar. Han blei Bachelor of Arts i 1981 og tok Ph.D.-graden i 1986. I 1983 blei han tilsett ved University College London i 1983, der han seinare blei professor i norsk. I 2000 blei han professor i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda, og i 2007 var han tilsett i deltidsstilling ved Senter for leseforsking, Universitetet i Stavanger. I 2015 vart Walton tilsett som professor i tverrfaglege kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark.

Kvart år sidan 1984 har Walton undervist i norsk ved Den internasjonale sommerskolen i Oslo.
Waltons nytenkjande studiar har vore viktige bidrag til ei endra forståing av grunnlaget for nynorsk skriftkultur, særleg Farewell the Spirit Craven. Ivar Aasen and National Romanticism (1987) og biografien Ivar Aasens kropp (1996), som er eit av standardverka om Ivar Aasens liv og verk. I 2008 kom den biografikritiske studien Skaff deg eit liv! I 2012 debuterte Walton som skjønnlitterær forfattar med romanen "Roadmovie", utgitt på Aschehoug.

I 2009 fekk Walton Melsomprisen 2009 for boka ”Skaff deg eit liv! Om biografi”.

Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 23.10.2009
Sist oppdatert: 11.02.2016