Hopp til innhold
X
Innhald

Brand

​Brand er tittelen på eit dramatisk dikt av Henrik Ibsen.

Brand er tittelen på eit dramatisk dikt som Henrik Ibsen skreiv i 1866. Diktet handlar om den idealistiske og kompromisslause presten Brand og den tragiske lagnaden hans i ei norsk fjellbygd. Brand er inspirert av Søren Kierkegaard, til dømes tankane hans om den uendelege fortvilinga, som ein ser i Brands vanskar med å realisere eigne ideelle krav. Modell for Brand var presten Christopher Bruun (1839–1920).


Sjå klipp frå oppsetjinga av Brand på Det Norske Teatret:


Først publisert: 18.05.2016
Sist oppdatert: 18.05.2016