Daniel Braut er hovudperson i Arne Garborgs Bondestudentar (1883), og kjem att i to andre bøker av same forfattar.

Han er ein av dei fiktive personane som har levd eit liv utanfor bøkene, som Peer Gynt. Daniel er ein person som vil kome seg opp i samfunnet, og som skiftar standpunkt etter kven han snakkar med, og kva han trur vil løne seg. Garborg gjev han gode grunnar til dette sidan kvardagen til studentane er sa krevjande, med elendig økonomi og mykje svolt.

Daniel Braut har blitt eit bilete på den usikre og famlande bondestudenten som foraktar sin eigen bakgrunn, ein klassereisande med dårleg moralsk pass. Garborg skildrar han med sympati og innleving, men legg ikkje skjul på at han tek avstand frå han.

I Mannfolk (1886) dukkar han opp som ein innpåsliten husvert som går hushjelpene litt for nært og lengtar ut av det ekteskapet som har berga økonomien hans. I dramaet Læraren (1896) er han med på å få arrestert Paal Hove, helten til Garborg.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg