Hopp til innhold
X
Innhald

Draumkvedet

Draumkvedet er eit visjonsdikt frå ca. 1300, men kan hende så seint som 1500. Diktet vart skrive ned ca. 1850 i Telemark, og det er sett saman av fleire avdelingar som vert sungne med forskjellige tonar. Erik Eggen gav ut Draumkvedet i 1910, og det vert enno ofte framført av kvedarar. Både Berit Opheim Versto og Sondre Bratland har gjort mektige tolkingar av kvedet i seinare år.

Draumkvedet fortel om Olav Åsteson, som fell i søvn julekvelden og vaknar trettande dag jul. Han rid til kyrkja og set seg i kyrkjedøra og fortel om draumane han har hatt. Han har i draumen gått gjennom dødsriket, gjennom djupe myrer og han har passert Gjallarbrua med kvasse piggar. Han ser skjerselden, helvete og paradis før han reiser til Brokksvalinn der sjelene skal vegast av Sankt Mikael. Draumkvedet er ei mektig skildring av kampen mellom det vonde og det gode,


Først publisert: 18.05.2016
Sist oppdatert: 18.05.2016