Hopp til innhold
Portrett av Aksel Sandemose. Fotograf: Norland. Kredit: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com (No known copyright restrictions/ public domain).
Portrett av Aksel Sandemose. Fotograf: Norland. Kredit: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com (No known copyright restrictions/ public domain).
X
Innhald

Jantelova

Jantelova er formulert etter Aksel Sandemose i romanen En flyktning krysser sitt spor (1933). Lova startar slik: Du skal ikkje tru du er noko.

Jantelova karakteriserer konformitetspresset i småbyen, men kan òg oppfattast som allmenngyldig.

Lova er slik:

Du skal ikkje tru du er noko.

Du skal ikkje tru du er like mykje som oss.

Du skal ikkje tru du er klokare enn oss.

Du skal ikkje tru du er betre enn oss.

Du skal ikkje tru du veit meir enn oss.

Du skal ikkje tru du er meir enn oss.

Du skal ikkje tru du duger til noko.

Du skal ikkje le av oss.

Du skal ikkje tru nokon bryr seg om deg.

Du skal ikkje tru du kan lære oss noko.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.06.2012
Sist oppdatert: 14.10.2015