Kenning
Kenning eller kjenning er eit biletleg uttrykk i norrøn dikting. I staden for eit hovudord (til dømes blod) set ein eit anna (til dømes sveitte), som vert "kjenna" med eit tredje (til dømes sverd); sverdets sveitte = blod.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 18.05.2016