Hopp til innhold
X
Innhald

Litteraturkritikerprisen

Litteraturkritikerprisen vert delt ut av Norsk kritikerlag etter at medlemmene har røysta fram ein vinnar. Prisen som går til ein norsk skjønnlitterær forfattar, gjekk til Torborg Nedraas for romanen Trylleglasset då han vart delt ut for første gong i 1950. Frå 1978 har det vore delt ut ein separat pris for barne- og ungdomslitteratur. Det vert òg delt ut pris for beste omsetjing (sidan 2003), for beste sakprosabok for vaksne (sidan 2012) og Årets kritikar (sidan 1994).
Peikarar

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.06.2012
Sist oppdatert: 24.09.2013