Hopp til innhold
X
Innhald

Modernisme

Modernisme er eit mangetydig omgrep, men rørsla star i opposisjon til tradisjonell, regelbunden litteratur.

Det kan vere fruktbart å sjå på når modernistisk litteratur blir til. Ein snakkar gjerne om for- eller premodernisme på 1890-talet, med døme som Arthur Rimbaud og Sigbjørn Obstfelder. Det store gjennombrotet kom i engelskspråkleg litteratur omkring 1910, med T.S. Eliot og Ezra Pound i sentrale roller. Tysk ekspresjonisme (Georg Trakl) og fransk symbolisme (Paul Valery) blir stundom rekna som modernisme.

I Noreg nådde impulsane frå modernismen nokså fa forfattarar i mellomkrigstida, primært Kristofer Uppdal, Tarjei Vesaas, Rolf Jacobsen og Claes Gill. Det var først ved inngangen til 1950-talet at modernismen vart ei meir omfattande retning, med offentleg diskusjon og grunngjevingar.

Den nye generasjonen frå 1965 kombinerte impulsane frå den eldre modernismen med ei meir utovervend, politisk og opprørsk haldning og kopla seg til sekstitalets musikk-kultur.

Om artikkelen

Les kjeldelista til periodeartiklane om den nynorske skjønnlitteraturen.

Denne teksten er eit utdrag frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne, og er støtta av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Logoar samarbeidspartnarar nynorsk litteraturhistorie: Logo Samlaget 150 år, logo Fritt Ord og logo Sparebanken Vest.

Først publisert: 18.06.2018
Sist oppdatert: 18.06.2018