Hopp til innhold
X
Innhald

Modernismemedebatt

Arnulf Øverland skapte modernismedebatt då han turnerte med foredraget «Tungetale frå Parnasset» (1953–54), der han framstilte modernistisk lyrikk som «abrakadabra» og «snikksnakk». André Bjerke brukte ei krass melding av Erling Christie si diktsamling Drøm om havet til å avvise modernismen som retning. 

Paal Brekke, Erling Christie og Claes Gill forsvarte modernismen i denne debatten. På nynorsk side viste Ragnvald Skrede innsikt i modernismen, og Tarjei Vesaas og Olav H. Hauge skreiv modernistisk. I generasjonen etter skapte Jan Erik Vold ein front mot den eldre, eksistensielle og tragiske modernismen og knytte seg til ein meir tingorientert og leikande tradisjon. Sekstitalsmodernismen fekk markante representantar i Paal-Helge Haugen, Einar Økland og Kjartan Fløgstad.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 18.10.2018
Sist oppdatert: 18.10.2018