Hopp til innhold
X
Innhald

Norsk Forum for Ytringsfrihet

Norsk Forum for Ytringsfrihet (NFY) vart oppretta i 1995 for å samle og styrkje innsatsen til norske organisasjonar for retten til fri meiningsytring og fri debatt i alle delar av verda.
I samarbeid med norske og internasjonale kontaktar arbeidda Norsk Forum for Ytringsfrihet med å samle informasjon og dokumentasjon om kåra til ytringsfridomen og stilte fakta og analysar til rådvelde for medium, politikarar, styresmakter, skuleverket og andre. Målet var å skape brei forståing for kor avgjerande ytringsfridomen er for at demokratiet kan eksistere, og reagere på overgrep som sensur og fysisk og psykisk vald.
Norsk Forum for Ytringsfrihet vart lagt ned i 2001. Norsk PEN tok då over fleire av oppgåvene til NFY.
Peikarar

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.06.2012
Sist oppdatert: 20.06.2012