Hopp til innhold

Norsk Ordbok

Norsk Ordbok, ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. Ikkje noko nasjonalt ordbokverk av denne dimensjonen er blitt ferdig på så kort tid.

Norsk Ordbok blei etablert i 1930 etter initiativ frå Samlaget. Verket var lenge planlagt til om lag 5000 sider, men planane blei utvida i tråd med at stofftilfanget auka. Mange hundre frivillige medhjelparar samla inn språkdøme, som til slutt utgjorde om lag 3 millionar setlar. Desse språkdøma blei digitaliserte 1992–98. Ordsamlingane var grunnlaget for både Nynorskordboka og Bokmålsordboka, som kom ut i 1986.

Norsk Ordbok er ikkje ei rettskrivingsordbok for moderne nynorsk, men dokumenterer dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket. Ordboka vidarefører arbeidet til Ivar Aasen og er eit vitskapleg ordboksverk i internasjonal klasse.

Norsk Ordbok vart komplett i 12 band med den siste utgjevinga i mars 2016. Kvart band er på 800 sider og inneheld fem hefte, kvart på 160 sider. Første heftet kom til hundreårsjubileet for Ivar Aasens første ordbok i 1950, og første bandet var komplett i 1966. I 1972 overtok Universitetet i Oslo det redaksjonelle arbeidet med ordboka, medan Samlaget heldt fram med forlagsutgivinga. Frå 1987 gav Stortinget ei årleg påskundingsløyving, og i 2000 gjorde Stortinget eit intensjonsvedtak om at verket skal vere ferdig i 12 band til 2014. 

Etter at det var gjort avtale med Universitetet i Oslo, vedtok Stortinget hausten 2001 den første løyvinga til realisering av den nye planen. Prosjektorganisasjonen Norsk Ordbok 2014 blei etablert 1. juni 2002, då med Kristin Bakken som prosjektdirektør.

Etter omorganiseringa kom det berre ut komplette band, ikkje hefte. Institusjonen hadde i 2011 39 tilsette og var leia av Åse Wetås. Då siste bandet vart utgitt, var prosjektorganisasjonen Norsk Ordbok 2014 lagd ned. Universitetet i Oslo sa allereie i 2014 frå seg ansvaret for språksamlingane og ordboka og varsla at dei kom til å leggje ned drifta. Nynorsk kultursentrum tok då initiativet til ei ordbokgruppe, for å berge språksamlingane. I november 2015 avgjorde Kunnskapsdepartementet av Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda overtek språksamlingane og dei vitskaplege ordbøkene.

Norsk Ordbok 2014 kom i mars 2012 med nettversjon av ordboka. Dei eldste delane av ordboka er ikkje digitalt tilgjengelege. Søk i ordboka kan førebels berre skje i alfabetstrekket "i–tåvrut".

Siste og 12. bandet vart lansert i Oslo i mars 2016 med Oddrun Grønnvik som hovudredaktør. Norsk Ordbok er komplett, i 12 band med 333 173 oppslagsord på 9637 sider.

I 2014 vart det klart at Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo ville avvikle arbeidet med språksamlingane og ordbøkekene. I 2016 kom det på plass ei løysing for vidare drift av dei norske språksamlingane, Norsk Ordbok, Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Universitetet i Bergen tok på seg ansvaret for langsiktig drift og utvikling av samlingane og samlingsressursane, i samarbeid med Høgskulen i Volda.

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006  

Ida Bergstrøm: «Dei norske språkskattane har fått ein ny heim ved UiB», På Høyden, publisert 10.10.2016: http://pahoyden.no/2016/10/dei-norske-sprakskattane-har-fatt-ein-ny-heim-ved-uib [lesedato 15.9.2017]

Hilde Kristin Strand: «Vil dela nynorskskattane mellom seg»artikkel i Uniforum 18.1.2016: http://www.uniforum.uio.no/nyheter/2016/01/vil-dela-nynorskskattane-mellom-seg.html [lesedato 9.3.2016]

Hilde Kristin Strand: «Språksamlingane kjem til Bergen», artikkel i På Høyden 23.15.2015: http://pahoyden.no/2015/11/spraksamlingane-kjem-til-bergen [lesedato 9.3.2016]

Hilde Kristin Strand og Jenny Bakken: «- Ikke bemanning til å fullføre»artikkel i På Høyden, 2.10.2015: http://pahoyden.no/2015/09/ikke-bemanning-til-fullfore [lesedato 9.3.2016]  

Jonas Brække: «- Sterkt beklagelig»artikkel i Klassekampen 29.9.2015: http://www.klassekampen.no/article/20150929/ARTICLE/150929863 [lesedato 9.3.2016]

Peikarar

Nettstaden til Norsk Ordbok 

Gamal nettstad til Norsk Ordbok 2014

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 15.09.2017