Hopp til innhold
X
Innhald

Norske bøker i 500 år

I 2019 feirar vi 500 år med trykte bøker i Noreg. Nasjonalbiblioteket markerer jubileet ved å gjere 2019 til eit nasjonalt bokår, med 500 arrangement ved 500 bibliotek over heile landet. I Tyskland er Noreg hovudland ved den største bokmessa i verda, i Frankfurt.

Det har vore laga bøker i Noreg i tusen år, men dei første trykte bøkene kom i 1519. Det var den danskfødde biskopen Erik Valkendorf i Nidaros som tinga ei trykt gudstenestebok, Missale Nidrosiense (Nidarosmissalet), frå København og ei handbok for dei daglege bøneseremoniane, Brevarium Nidrosiense (Nidarosbrevariet), frå Paris. Sjølv om bøkene var trykte i utlandet og skrivne på latin, vart dei laga etter norsk initiativ, betalt med norske pengar, og dei skulle brukast i Noreg. Dei vert difor rekna som norske. Bøkene var gjeldande liturgi frå 1519 til reformasjonen i 1537. I Nasjonalbiblioteket finst originaleksemplar av både missalet og breviariet.

Statue av Johann Gutenberg utstilt på Thorvaldsens Museum i København. Kjelde: Jonas Smith på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

Statue av Johann Gutenberg utstilt på Thorvaldsens Museum i København. Kjelde: Jonas Smith på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

Boktrykkjarrevolusjonen

Utviklinga av boktrykkjeteknikken skjedde gradvis. Rundt 1450 fann Johann Gutenberg i Tyskland opp ein trykkjemetode som gjorde det mogleg å masseprodusere bøker. Tidlegare skar bokutgivarane til ei treplate med fast oppsette bokstavar for kvar bokside. Til neste bokside måtte dei lage ei ny plate. Produksjonen var tidkrevjande og bokprisen høg.

Gutenberg sin idé var å lage lause bokstavar som kunne setjast saman etter behov, når ein var klar for ei ny bokside. Teknikken gjorde at bøkene kunne trykkjast mykje raskare, i større opplag og til lågare pris.

Trykkjekunsten spreidde seg fort, men ikkje til Noreg. Kongen kravde at alle bøker måtte trykkjast i København, men i 1643 vart det gjort eit unntak. Då fekk den danske boktrykkjaren Tyge Nielssøn løyve til å starte boktrykkjeri i Oslo, etter sterk oppmoding frå ein norsk teolog. Den første boka frå trykkjeriet var ein almanakk for 1644. Det drygde med etableringar andre stader i landet. Bergen fekk trykkjeri i 1721, Trondheim i 1739. Sivert Aarflot opna i 1809 det første trykkjeriet utanfor byane, på Ekset i Volda.

Portrett av to jenter som konfirmantar, fotografert i tidsrommet 1868–1885. Fotograf: Iver Olsen. Eigar: Sverresborg Trøndelag Folkemuseum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: RMUB.020162. Public domain mark (CC PDM) / falle i det fri.

Portrett av to jenter som konfirmantar, fotografert i tidsrommet 1868–1885. Fotograf: Iver Olsen. Eigar: Sverresborg Trøndelag Folkemuseum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: RMUB.020162. Public domain mark (CC PDM) / falle i det fri.

Reformasjon og konfirmasjon

Martin Luther si kristenlære framheva at det enkelte mennesket er ansvarleg overfor Gud. Av det følgde at alle måtte få opplæring i kristendom, og det måtte skje på morsmålet, ikkje på latin. Luther omsette Bibelen til tysk, og lutheranarane ivra sterkt for forkynning og bibellesing på morsmålet. Då reformasjonen vart innført i Noreg, gjekk prestane over til å forkynne på dansk-norsk. Ansvaret for leseopplæring for allmugen var delt mellom presten, klokkaren og heimen, men kyrkja nøgde seg med at ungdomen lærte å lese utanåt. Då kunne dei ta imot nattverden.

Det store spranget i lesekunne kom på 1700-talet med pietismen, som ville vekkje dei kristne til ny åndeleg giv. Pietistane meinte at ungdomen måtte lære å lese Guds ord på eiga hand for å få ei sann forståing av det Bibelen lærte. Kongen var sjølv pietist, og i konfirmasjonslova (1736) slo han fast at den som ikkje kunne lese, heller ikkje kunne verte konfirmert, og var ein ikkje konfirmert, fekk ein ikkje gifte seg, bygsle jord eller gjere militærteneste.

I skulelova (1739) påbaud kongen barn på landsbygda å gå på skule og lære seg lesing og kristendom. På grunn av motstand frå bøndene som måtte dekkje utgiftene, kom ei lovendring i 1741 som overlét til lokale sokneråd å finne høvelege ordningar. Reell skuleplikt kom først etter 1814 og fekk endeleg gjennomslag med folkeskulen, som vart obligatorisk i 1889.

Austlid, Andreas ABC digitalisert av Nasjonalbiblioteket.jpg?w=600

Andreas Austlids ABC-bok (1880) var den første ABC-boka på nynorsk, og Austlid vann Vestmannalaget si tevling om beste ABC-bok det året. Foto: Bokframsida er skanna av Nasjonalbiblioteket og nytta etter avtale med dei.

Katekisme og ABC

Religiøse skrifter har ein sentral plass i norsk bokhistorie. Salmebøker har vore kulturell felleseige, og Dorothe Engelbretsdotter si salmesamling frå 1678 er den første boka som både er skriven av ein nordmann og trykt i Noreg. Samlinga kom i 24 opplag.

Frå reformasjonen til utpå 1900-talet var Luthers vesle katekisme bautaen i kristendomsundervisninga, og var den boka som lærte elevane å lese. Skulegangen var mangelfull, men foreldre bidrog til at lesekunna festa seg. Undersøkingar frå to fylke viser at fleirtalet av vaksne kunne lese på slutten av 1700-talet.

I 1767 kom den første ABC-boka på sørsamisk, i 1777 den første på bokmål. I 1880 gav Andreas Austlid ut den første ABC-en på nynorsk. Seinare følgde han opp med lesebøker for folkeskulen. Bøkene hans gav bygdebarn ein litteratur dei kjende seg att i, på eit mål som stod dei nær.

To avissider av Norske Intelligenz-Seddeler frå 18.8.1773 (i glas og ramme). Eigar: Norsk Folkemuseum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NFA.04060. CC BY-SA 4.0.

To avissider i Norske Intelligenz-Seddeler frå 18.8.1773 (i glas og ramme). Eigar: Norsk Folkemuseum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NFA.04060. CC BY-SA 4.0.

Kulturbygging

Å styrkje den kulturelle sjølvtilliten var ein integrert del av nasjonsbygginga etter 1814. Både elite og allmuge bidrog. Forskinga til Jostein Fet frå 1970-åra viser at bønder var meir lese- og skrivekunnige i perioden før 1840 enn det ein til då hadde trudd, og at bøker som vart lesne av den dansk-norske eliten, også fanst i privat eige hos sunnmørske fiskarbønder. Dei var kjende med dei store åndsstraumane i tida og kunne ta del i nasjonsbygginga.

Meiningsmangfaldet voks, og avisene gav form og farge til den offentlege samtalen. Den første norske avisa, Norske Intelligenz-Seddeler, som sensuren forbaud å skrive om politikk, starta i Oslo i 1763. Frå 1810 vart vekeavisa Norsk Landboeblad utgitt i Volda. Den første dagsavisa, Morgenbladet, kom i 1819, og arbeidarane fekk eit talerøyr i Arbeiderforeningernes Blad (1849–1856). Då unionsstriden tilspissa seg mot slutten av hundreåret, var landsmålsavisa Den 17de Mai ei landsdekkjande opposisjonsavis. Dagbladet (grunnlagt i 1869) var likevel det avgjerande organet for unionskritikken.

Folkeopplysninga og målrørsla styrkte seg. Frå 1860-åra vart det bygd allmenndannande folkehøgskular som var opne for alle. Ungdomslag framførte skodespel på folkemålet. Framsynte menn gjekk i bresjen for å opprette folkeboksamlingar, og bokutvalet voks. Midt på 1800-talet gjorde skjønnlitteraturen sitt inntog. Bøkene skulle ikkje lenger berre opplyse, men òg underhalde.

Sidan 1947 har kvar kommune vore pålagd å drive bibliotek, og bokbussar og bokbåtar har frakta bøker til biblioteklause bygder. I 2017 fanst det 674 bibliotek, med til saman 21 millionar utlån.

Fotomontasje_Maria Parr_Jon Fosse_Samlaget.jpg?w=600

Fotomontasje: Maria Parr (foto: Agnete Brun / Samlaget) og Jon Fosse (foto: Tom A. Kolstad / Samlaget). Fotografi nytta etter avtale.

Litteratur på nynorsk

Ivar Aasen samla dialekttilfang frå heile landet og systematiserte det i ein grammatikk (1848) og ei ordbok (1850). Grunnsteinen for eit norsk skriftspråk var lagt. I 1885 vedtok Stortinget at dansk-norsk og landsmål, som nynorsk vart kalla fram til 1929, skulle vre jamstilte.

Nynorsken utløyste skrivelyst. Frå 1850 til 2015 har 1400 forfattarar debutert med skjønnlitteratur på nynorsk og dialekt, og for fire av ti har førsteboka vore lyrikk. I Nynorsk litteraturhistorie (2018) presenterer Jan Inge Sørbø 150 av forfattarskapa. Nynorskforfattarar skriv i alle sjangrar, men det er skjønnlitteraturen som ruvar. Sakprosa er det mindre av, sjølv om tidsskriftet Syn og Segn har formidla populærvitskap sidan 1861. Nynorsk- og bokmålsbøker vert gitt ut på same forlag, men nokre forlag er skipa for spesielt å fremje nynorsk litteratur, mellom dei Det Norske Samlaget (etablert i 1868) og Fonna Forlag (etablert i 1940), som har satsa på populærlitteratur og teikneseriar.

Mellom 1850 og 2010 vart det sett i gang 170 nynorskaviser, dei fleste lokal- og regionsaviser. Dei siste tiåra har stadig fleire riksaviser teke inn redaksjonelt stoff på nynorsk, seinast Aftenposten i 2018, og aviser som Vårt Land og Klassekampen skriv dagleg på både nynorsk og bokmål. Sidan 1962 har Dag og Tid vore ei meiningsberande vekeavis på nynorsk. I 2017 lanserte LNK, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, papir- og nettavisa Framtida junior for barn mellom 9 og 13 år.

I bokjubileumsåret 2019 er nynorsk litteratur synleg i alle litterære samanhengar, i song og på scene. Dramatikaren Jon Fosse vert spela på norske og utanlandske scener, humoristar som Are Kalvø har eit stort publikum, og romanforfattarane Edvard Hoem og Carl Frode Tiller er på bestseljarlistene. Omsett litteratur til nynorsk har lang tradisjon. Etter 2010 kom dei fire bøkene i Napoli-kvartetten (av Elena Ferrante) i nynorsk språkdrakt, og sidan 2017 har forlaget Skald gjendikta verdsklassikarar til nynorsk.

Barnelitteraturen har alltid stått sterkt. Rundt førre hundreårsskifte (1890–1910) var nynorske barnebokforfattarar som Rasmus Løland med på å fornye sjangeren ved å skrive historier der barna sine synspunkt er svingingspunktet. På 2000-talet har Rune Belsvik og Maria Parr fått Brageprisen for barne- og ungdomsbøker, og i 2018 vann Mathias Nyhagen Asplund Kulturdepartementet sin pris til beste barnebokdebutant.

Årleg vert det gitt ut rundt 10 000 bøker i Noreg. Dei siste ti åra har nynorskbøkene utgjort 8–9 prosent. Sidan tidleg på 1900-talet har den prosentvise delen med nynorskbøker lege på mellom 5 og 10 prosent av alle utgitte bøker.

Ifølgje tal frå Forleggerforeningen har det vore ein nedgang i salet av papirbøker frå 2017 til 2019 (første kvartal), medan talet på lydboklesarar aukar. Det kan verte tendensen framover.

Kjelder

Vilborg Stubseid Hovet: Kva er ei bok? Den illustrerte papirboka i ei digital tid. Oslo 2018

Liv Kari B. Tønnesen: Norsk utdanningshistorie. En innføring med fokus på grunnskolens utvikling. Bergen 2011

 

Jonas Brække og Thomas Espevik: «Reddes av strømmevekst», klassekampen.no, publisert 14.5.2019: https://www.klassekampen.no/article/20190514/ARTICLE/190519986 [lesedato 24.6.2019]

Lis Byberg: «Leseferdighet og skolevesen 1740–1830. Pietister, 'potetprester' og et ungt norsk Storting», oda.hio.no, publisert 2008: https://oda.hioa.no/nb/item/leseferdighet-og-skolevesen-1740-1830-pietister-potetprester-og-et-ungt-norsk-storting [lesedato 11.5.2019]

Jostein Fet: Lesande bønder. Litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840. Oslo 1995. Digital utgåve, nb.no: https://www.nb.no/items/139b9a4b55b778385a6821b53c496145?page=0&searchText=jostein%20fet [lesedato 4.7.2019]

Ottar Grepstad: «Språkfakta 2015», tabellane 3.11.1 og 16.1.2, aasentunet.no, publisert 2015: https://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/sprakfakta/sprakfakta_2015/ [lesedato 4.7.2019]

Per Magnus Finnanger Sandsmark: «Den nynorske skjønnlitteraturen 1850–2015», allkunne.no, sist oppdatert 19.2.2019: https://www.allkunne.no/framside/tema-nynorsk/den-nynorske-skjonnlitteraturen-18502015/den-nynorske-skjonnlitteraturen-18502015/den-nynorske-skjonnlitteraturen-18502015/2117/86668/ [lesedato 19.5.2019]

Statistisk sentralbyrå: «Flere utgitte boktitler, men færre solgte bøker», ssb.no: https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/artikler-og-publikasjoner/flere-utgitte-boktitler-men-faerre-solgte-boker publisert 23.4.2019 [lesedato 1.7.2019]

 

Peikarar

NRK: «Boktrykking før i tida», nrk.no

NRK: «Alt var bedre før», tv.nrk.no

Først publisert: 09.08.2019
Sist oppdatert: 02.09.2019