Hopp til innhold
X
Innhald

Norske Selskab

Norske Selskab var ein patriotisk og litterær klubb som vart stifta i København i 1772 av norske litteratar og studentar. I prinsippet var medlemene klassisistar med greske og franske førebilete, men diktinga fekk gjerne eit særnorsk preg. Det finst tre små Poetiske samlinger etter Norske Selskab, frå 1775, 1783 og 1793. Dei fleste medlemane vende attende til Noreg, medan Johan Herman Wessel vart verande i København til han døydde. Etter kvart vart den litterære rolla til selskapet mindre, og det vart oppløyst i 1813. Ein sjølvstendig norsk klubb med det same namnet vart oppretta i Christiania i 1818. I 1885 reiste medlemane monumentet over Wessel på Wessel plass i Oslo.

Først publisert: 18.05.2016
Sist oppdatert: 18.05.2016