Hopp til innhold
Foto: Arne Rostad/ peergynt.no
Foto: Arne Rostad/ peergynt.no
X
Innhald

Peer Gynt

Peer Gynt er eit dramatisk dikt i fem akter, skrive av Henrik Ibsen i 1867.

Peer Gynt vert rekna for å vere det mest mangfaldige dramaet i norsk litteratur. Det er ei blanding av eventyr, satire, folkedikting, romantikk og antiromantikk, eit kjernenorsk åtak på "det norske". Stykket vart skrive som eit lesedrama, men alt i 1876 vart det oppført på Christiania Theater. Peer Gynt blir framleis spelt verda over. Den opphavlege scenemusikken er skriven av Edvard Grieg, opus 23 (1876), seinare òg av Harald Sæverud, opus 28 (1948) med fleire.

Sjå video frå oppsetjinga på Nationaltheatret i 1985, med Toralv Marustad som Peer og Wenche Foss som Mor Åse.

Peer Gynt, saman med Brand, er døme på personlegfilosofisk tematikk hjå Ibsen. Lytt til radioinnslag av professor Vigdis Ystad, der ho fortel om Henrik Ibsen sitt menneskesyn, med Peer Gynt som døme:



Kjelde: NRK Skole.


galleri






Peikarar

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.06.2012
Sist oppdatert: 23.05.2016