Pønskarlaget 1912
Pønskarlaget 1912. Ståande frå venstre: Ola Raknes, Sigurd Kolsrud, Martin Fonstad, Francis Bull, Ånund Åmlid, Johannes Lillegraven. Andre rekkje: Arne Bergsgård, Oluf Kolsrud, Fredrik Wexelsen, Knut Liestøl, Olav Midttun, Hans Kjæstad. Foran: Georg Sverdrup og Didrik Arup Seip

Pønskarlaget var ein klubb av filologistudentar ved universitetet i Kristiania som møttest for å drøfte vitskaplege emne på landsmål. Dei var mest aktive i åra 1903–1912. Drøftingane resulterte også i to pamflettar om den norske språkstriden.

Etablering og medlemer

Initiativet til Pønskarlaget vart teke av Johan Fredrik Voss hausten 1903. Føremålet var å møtast ein gong i månaden på hybelen til ein av medlemene for å høyre og drøfte ei utgreiing om eit emne på landsmål. Målet var å verte betre i nynorsk fagspråk. Marius Hægstad hadde i 1899 vorte professor i landsmålet og dialektane, men nynorsk vitskapleg ordtilfang var på denne tida lite utvikla.

Det første foredraget var om Per Sivle og vart halde på ein hybel i Pilestredet 47. Dei neste emna var Erik Pontoppidans Glossarium Norvagicum, forfattaren Jens Tvedt, den skotske diktaren Robert Burns og Aasmund Olavsson Vinjes Ferdaminne.

Dei første medlemene i laget var Johan Fredrik Voss, Leiv Heggstad, Severin Eskeland, Olav Skjerven, Albert Joleik og Peter Tennfjord. Men same året kom Olav Midttun, Knut Liestøl, Hans Kjæstad og Fredrik Wexelsen med. I 1911 hadde laget 17 medlemer, men berre rundt halvparten møtte kvar gong.

Frå 1911 til siste møtet 13. desember 1927 vart det ført ein uformell protokoll. Til saman er rundt 60 medlemer nemnde i protokollen i denne perioden.

Arbeid

Mange av «pønskarane» sette seinare spor etter seg i norsk samfunnsliv. Av dei som var innom laget det første tiåret, hadde det i 1940 vorte åtte professorar og fem rektorar på høgare skular eller lærarskular.

Pønskarlaget var først og fremst eit samtalelag der ein drøfta filologiske emne, men også mange praktiske tiltak i Studentmållaget, som hadde vorte skipa i 1900, vart planlagde der. Olav Midttun omtaler Pønskarlaget som ein «surdeig» i Studentmållaget.

Eit resultat av drøftingane i tidlege år var opplysningsskriftet «47 spørsmaal og svar om sprogstriden. En saglig utredning ved to filologer». Heftet vart gitt ut anonymt i 1909, men var ført i pennen av Didrik Arup Seip og Leiv Heggstad. Det kom i mange og store opplag. Riksmålsforbundet gav ut eit motskrift forfatta av professor Hjalmar Falk, og dei to anonyme forfattarane svara med «Smaa og store mænd omkring sprogstriden. En citatsprøite ved to filologer».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen ofl.: Studentar i målstrid. Studentmållaget i Oslo 1900–2000. Oslo 2003
  • Einar Breidsvoll: Studentmaalaget i 20 aar. Oslo 1920
  • Olav Dalgard ofl. (red.): Studentmållaget 50 år. Oslo 1952
  • Jon Grepstad: Nokre artiklar, bagatellar og ein song. Oslo 2022
  • Pønskarlaget. Protokoll 6. februar 1911–13. desember 1927, Ms.8° 2453, Nasjonalbiblioteket
  • Johan Fredrik Voss: «Pønskarlaget», Syn og Segn nr. 10/1940
  • Fredrik Wexelsen og Lars Reinton: «Or 'Pønskara saga'», Syn og Segn nr. 10/1958
  • Olav Midttun: Livsminne. Oslo 1971.

Kommentarar (2)

skreiv Jon Grepstad

I samband med biletet står det: Lisens: Falt i det fri (Public domain)

Teksten bør som teksten i artikkelen og biletteksten bere på nynorsk: Falle i det fri

svarte Mari Paus

Takk for kommentaren! "Falt i det fri" er en automatisk merking av bildet som dessverre ikke kan oversettes. Hilsen Mari i redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg