Hopp til innhold
X
Innhald

Realisme og naturalisme

Realisme og naturalisme er blitt mangetydige omgrep fordi dei viser til bade litterære periodar og skrivestilar.

Begge retningane har som målsetjing å skrive om verda slik ho er, ikkje oppdragande eller idealisert. I Arne Garborgs samtid gjekk skilnaden mest på kva slags filosofi som låg bak det litterære programmet.

Realistane såg på mennesket som moralsk ansvarleg og rasjonelt og laga kritiske verk om leiarar i skule, kyrkje og forretningsliv som sveik ideala. Både Alexander Kielland og Bjørnstjerne Bjørnson er gode døme på realistar.

Naturalistane tok utgangspunkt i biologiske og materialistiske modellar og ville visa at mennesket ikkje var fritt, men langt på veg styrt av instinkt, sosiale forhold og arv. I norsk litteratur er særleg litteraturen til Amalie Skram eit godt døme på naturalismen. Desse naturalistiske modellane skremde Garborg, som sleit med ein tung arv.

Om artikkelen

Les kjeldelista til periodeartiklane om den nynorske skjønnlitteraturen.

Denne teksten er eit utdrag frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne, og er støtta av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Logoar samarbeidspartnarar nynorsk litteraturhistorie: Logo Samlaget 150 år, logo Fritt Ord og logo Sparebanken Vest.

Først publisert: 18.06.2018
Sist oppdatert: 18.06.2018