Hopp til innhold
X
Innhald

Astrid Lindgren

Astrid Anne Emilia Lindgren (f. Ericsson), verdskjend barnebokforfattar og Sveriges mest omsette forfattar. I tillegg til meir enn hundre romanar, biletbøker og antologiar har Lindgren skrive songtekstar, essay for vaksne og manus til meir enn 30 barnefilmar.

Astrid Lindgren var fødd 14. november 1907 i Vimmerby i Småland og døydde i Stockholm 28. januar 2002. Ho var ferdig med folkeskulen i 1923, og frå 1924 til 1926 arbeidde ho som journalistelev i lokalavisa Wimmerby Tidning. Hausten 1926 og våren 1927 utdanna ho seg til stenograf og maskinskrivar i Stockholm.

Lindgren hadde fleire sekretærjobbar, mellom anna hos Svenska Bokhandelcentralen (1927–28) og Kungliga Automobil Klubben (K.A.K., 1928–31). I 1939 blei ho stenograf for kriminalteknikar Harry Söderman, og under andre verdskrigen hadde ho ein hemmeleg jobb med brevsensur hos etterretningstenesta i det svenske forsvaret. Lindgren var redaktør og sjef for barne- og ungdomsbokavdelinga i forlaget Rabén & Sjögren i Stockholm frå 1946 til ho gjekk av med pensjon i 1970.

galleri

Lindgren fekk det litterære gjennombrotet sitt med Pippi Langstrømpe i 1945. Dei mest sentrale verka hennar, utanom bøkene om Pippi, er Mio, min Mio (1954), bøkene om Emil (den første boka i 1963), Brødrene Løvehjerte (1973) og Ronja Røverdatter (1981). Lindgren var ein forfattar som meinte at ein kan og bør tale med barn om alt, også vanskelege ting, men ein skal bruke ord som barn forstår. Heile forfattarskapen handlar i røynda om det å vere menneske og – ikkje minst – om kor vanskeleg det kan vere å vere menneske.

Lindgren samarbeidde med fleire velgjerande organisasjonar, mellom anna BRIS (Barnens Rätt i Samhället). I 1963 blei Lindgren vald inn i Samfundet De Nio, eit litterært akademi som arbeider for å fremje litteratur, freds- og kvinnespørsmål.

Lindgren fekk ei rekkje prisar, mellom anna H.C. Andersen-medaljen i 1958 og Svenska Akademiens store gullmedalje i 1971. I 2005 blei Astrid Lindgren-arkivet på Kungliga Biblioteket i Stockholm teke inn på Unescos verdsarvliste.

Høyr radiointervju med Astrid Lindgren, frå NRK Skole, der ho fortel om bøkene sine:

Livet og bøkene

Lindgren var ein meister i å skrive om slikt som barn vil lese om. Sjølv dei mest kvardagslege tinga blir spennande, mellom anna fordi ho nyttar kontrastar: glede og sorg, latter og tårer, orden og kaos, humor og alvor, idyll og fattigdom.

Leik har ein sentral plass i bøkene til Lindgren, og leiken er ofte inspirert av hennar eigen lukkelege barndom på garden Näs, der ho og dei tre søskena hennar voks opp med trygge og gode foreldre i eit bakkebygrendaliknande miljø. På same måten er mykje av det triste og sorgfulle i forfattarskapen knytt til Lindgren sine eigne røynsler, med einsemd og melankoli i ungdomsåra og som ung vaksen.

Som 18-åring blei ho gravid med den meir enn tretti år eldre sjefredaktøren Reinhold Blomberg i Wimmerby Tidning. Sonen Lasse blei fødd i København 4. desember 1926, og det gjekk nesten fem år før Astrid kunne ta hand om han sjølv. I desse åra lærte Lindgren mykje om lengt og om kor vanskeleg det er for eit barn å bli flytta frå ein heim til ein annan. Dette var røynsler Lindgren nytta i bøker som til dømes Mio, min Mio (1954) og Rasmus på loffen (1956), der vi møter einsame gutar som lengtar etter å bli elska.

Forfattar og redaktør

Astrid gifta seg med Sture Lindgren i 1931, og i 1934 fekk dei dottera Karin. Det var Karin som ein dag bad mora fortelje om Pippi Langstrømpe, utan å vite at dette var byrjinga på ein verdsomspennande boksuksess.

I 1946, berre eitt år etter gjenombrotet med Pippi Langstrømpe, blei Lindgren tilsett i halv stilling som redaktør og deretter òg som sjef for barne- og ungdomsbokavdelinga i Rabén & Sjögren. Lindgren delte arbeidsdagen i to. Frå tidleg om morgonen låg ho i senga heime og stenograferte eigne tekstar, og etter lunsj spaserte ho til jobben på forlaget. Ho hadde teft for gode historier, og ho var effektiv, uredd og nyskapande både som forfattar og som redaktør. Lindgren var òg noko så uvanleg som sin eigen redaktør.

Både som forfattar og redaktør samarbeidde ho med flinke illustratørar som Ingrid Vang Nyman, Ilon Wikland, Björn Berg og Marit Törnqvist.

Sjå videoklipp frå 1969, der "Pippi Langstrømpe" gjestar underhaldningsprogrammet "Her og Nå", saman med forfattaren. Kjelde: NRK Skole:


Ei sentral røyst i samfunnsdebatten

Etter at Lindgren gjekk av med pensjon i 1970, byrja ho for alvor å engasjere seg i samfunnsdebatt og politikk. I 1976 starta ho ein debatt om svensk skattepolitikk – den såkalla Pomperipossa-debatten – som førte til at den sosialdemokratiske regjeringa måtte gå av etter 44 år ved makta.

I 1978 blei Lindgren, som første barnelitteraturforfattar, tildelt dei tyske bokhandlarane sin fredspris i Frankfurt. Det var ein prestisjetung pris, og ved overrekkinga heldt Lindgren den berømte talen «Niemals Gewalt!» – «Aldri vald!». Talen blei starten på ein internasjonal debatt om fysisk og psykisk avstraffing av barn, og i 1979 fekk Sverige – som det første landet i verda – ei lov som forbaud fysisk avstraffing og anna foreldrevald mot barn.

Lindgren var òg aktivt med på nei-sida i den svenske folkerøystinga om kjernekraft i 1980, og i 1980-åra engasjerte ho seg kraftig i ein kampanje mot uetisk dyrehald. Kampen for dyrs velferd resulterte i at dåverande statsminister Ingvar Carlsson overrekte Lindgren ei ny dyrevernlov, «Lex Lindgren», på åttiårsdagen i 1987.

Kjelder

Jens Andersen: Denne dag, et liv. En Astrid Lindgren-biografi. København 2014

Agnes-Margrethe Bjorvand og Lisa Aisato: Astrid Lindgren. Oslo 2015

Vivi Edström: Kvällsdoppet i Katthult. Essäer om Astrid Lindgren diktaren. Stockholm 2004

Anna-Karin Johansson: Astrid Lindgren i Stockholm. Stockholm 2012

Kerstin Kvint: Astrid världen över. En selektiv bibliografi 1946–2002. Stockholm 2002

Astrid Lindgren: Samuel August från Sevedstorp och Hanna i Hult. Stockholm 1985

Margareta Strömstedt: Astrid Lindgren. En levnadsteckning. Stockholm 1999

Lena Törnqvist og Suzanne Öhman-Sundén (red.): Ingen liten lort – Astrid Lindgren som opinionsbildare. Stockholm 2007

Peikarar

Astrid Lindgren – offisiell heimeside: http://www.astridlindgren.se

Astrid Lindgren Memorial Award, ALMA: http://www.alma.se

Astrid Lindgrens Näs, barndomsheim og kultursentrum: http://www.astridlindgrensnas.se

Astrid Lindgren-sällskapet: http://www.astridlindgrensallskapet.se

Astrid Lindgrens Värld – temapark: http://www.alv.se



Først publisert: 19.02.2016
Sist oppdatert: 24.08.2016