Hopp til innhold
X
Innhald

Haikudikt

Haikudikt er ei streng diktform. I 1962 noterer Olav H. Hauge i dagboka at interessa for austleg (kinesisk og japansk) lyrikk er stor i Europa. Ikkje minst vart haikudiktet populært. 

Haikudiktet er ei streng diktform, der diktet skal ha 17 ≪mora≫ – noko som liknar stavingar. I vestleg tradisjon deler ein diktet i tre linjer, med 5 + 7 + 5. Diktet er halde i notid, det skal visa til ei årstid, og det skal gjerne skje ei rørsle i diktet. 

Paal-Helge Haugen debuterte med omsetjingar av haikudikt, og Jan Erik Vold har brukt forma til eigne dikt.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019