Hopp til innhold
X
Innhald

Litteraturdagane i Vinje

Litteraturdagane i Vinje er ein litteraturfestival som har vore arrangert i Vinje i Telemark sidan 2001. Utgangspunktet var å lage program om diktarane frå Vinje. Seinare har festivalen vorte utvida til ein festival som legg vekt på litteratur og journalistikk.

Fleire store forfattarar kjem frå Vinje eller har tilknyting der. Dei fire V-ane frå Vinje – Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa – var årsaka til at frivillige i 2001 laga til eit arrangement om diktarar frå Vinje. Etter kvart danna dei medlemslaget Litteraturdagane i Vinje, og laget arrangerte Litteraturdagane i Vinje fram til Vinje-senteret overtok i 2018.

På årsmøtet i medlemslaget i 2016 fekk styret fullmakt til å forhandle med Nynorsk kultursentrum om å gjere festivalen til ein del av Vinje-senteret, og i 2018 var Vinje-senteret for første gong arrangør av litteraturfestivalen. 

Litteraturdagane i Vinje har hatt mange kjende nynorske forfattarar på programmet gjennom åra. Faste innslag frå 2007 har vore Vesaas-foredraget – eit foredrag med emne frå Tarjei Vesaas’ forfattarskap – og eit program med vinnaren av Tarjei Vesaas’ debutantpris. Pengane til denne prisen kjem frå Nordisk råds litteraturpris, som Tarjei Vesaas fekk for romanen Is-slottet i 1964.

Leiar for Litteraturdagane i Vinje er Kristian W. Rantala, som er dagleg leiar for Vinje-senteret. Han legg opp festivalen saman med eit programråd, der to frå medlemslaget Litteraturdagane i Vinje òg er med.

Frå 2002 har Storegutprisen vorte utdelt på festivalen. Prisen går til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk.

Svein Tuastad er setjeredaktør for artikkelen.

Kjelder

Nynorsk kultursentrum: Visjon og strategi 2018–2021. Vedteken 8. juni 2017

Nynorsk kultursentrum: Det rause museet. Prosjektplan for Vinje-senteret, issuu.com, publisert 29.2.2016: https://issuu.com/aasen-tunet/docs/111_20160229_prosjektplan_nett_omsl [lesedato 19.6.2018]

«Om festivalen», litteraturdagane.no, publisert 24.5.2018: http://www.litteraturdagane.no/ldv/no/framside/snarvegar/Om+festivalen.d25-SMdzM2B.ips [lesedato 19.6.2018]

«Storegutprisen», visitvinje.info: http://visitvinje.info/Bedrift/Litteraturdagane-i-Vinje/Storegutprisen [lesedato 19.6.2018]

Peikarar

Nettstaden til Litteraturdagane i Vinje, litteraturdagane.no

Nettstaden til Vinje-senteret, vinjesenteret.no 

Nettstaden til Nynorsk kultursentrum, nynorsk.no

Nettstaden til Dei nynorske festspela, festspela.no

Nettstaden til Ulvik poesifestival, poesifestivalen.no 

Først publisert: 12.02.2019
Sist oppdatert: 23.08.2019