Hopp til innhold
X
Innhald

Londonregjeringa

Londonregjeringa, omgrep nytta om den norske regjeringa som verka i eksil i London under andre verdskrigen, frå juni 1940 til frigjeringa i 1945. Både dei allierte og dei viktigaste nøytrale maktene godkjende Londonregjeringa som den lovlege norske regjeringa under krigen.

Statsminister Johan Nygaardsvold leidde ved krigsutbrotet ei regjering utgått frå Arbeidarpartiet. Då Tyskland gjekk til åtak på Noreg i april 1940, flykta den norske regjeringa først nordover i landet. Under eit møte på Elverum 9. april gav Stortinget regjeringa fullmakt til å ta avgjerder på vegner av Stortinget, fram til Stortinget kunne samlast igjen. Denne fullmakta, Elverumsfullmakta, gav den flyktande regjeringa legitimitet.

7. juni 1940 forlét så regjeringa Tromsø og kom til London 10. juni. Heime i Noreg vart det ført forhandlingar med tyskarane om eit riksråd som skulle ta over styret av Noreg, men dette sette Londonregjeringa seg sterkt imot. 24. juni kunngjorde regjeringa over radio at ho ville nekte å bøye seg for tyske krav og «... opprettholde Norges selvstendige styrelse så langt det er mulig».

Londonregjeringa var eit framhald av arbeidarpartiregjeringa Nygaardsvold, men tok opp i seg ein representant frå kvart av dei andre partia. I september 1941 fekk også heimefronten, altså motstandsrørsla heime i Noreg, ein representant i regjeringa.

Londonregjeringa stod fast på at dei var den einaste lovlege norske regjeringa så lenge Noreg var okkupert. Regjeringa ville forsvare norske interesser og føre kampen mot okkupasjonsmakta frå London. Londonregjeringa makta å halde den store norske handelsflåten under norsk kontroll. Då regjeringa kom til London, talde denne flåten 985 skip. Dette gav regjeringa økonomisk styrke og handlefridom. Også gullbehaldninga til Noregs Bank hadde dei kontroll over. Regjeringa rådde vidare over den norske utefronten. Tidleg i krigen omfatta utefronten 12–14 skip frå den norske marinen, ein hærstyrke på om lag 700 soldatar i treningsleir i Skottland og kring 100 norske offiserar i Storbritannia, dei fleste frå flyvåpenet.

På enkelte område, til dømes i spørsmålet om den allierte hjelpa til frigjeringa av Noreg, og då spesielt Nord-Noreg, nådde ikkje Londonregjeringa igjennom til stormaktene. I andre spørsmål, til dømes om motstanden som skulle førast bak fienden sine linjer i Noreg, fekk regjeringa stor innverknad. Noreg hadde halde seg nøytrale i utanrikspolitikken frå unionsoppløysinga i 1905. Ei av dei varige endringane med den alliansepolitikken Londonregjeringa førte, var at Noreg gjekk frå å vere ein tilskodar til å verte ein aktiv deltakar i den internasjonale maktpolitikken.

Etter krigen gjekk regjeringa Nygaardsvold av og vart 5. juni 1945 avløyst av regjeringa Gerhardsen.

Kjelder

Hans Fredrik Dahl ofl. (red.): Norsk krigsleksikon 1940–45. Oslo 1995
Harald Kjølås: Norske statsministrar. Oslo 1999
Tore Pryser: Arbeiderbevegelsens historie i Norge bd. 4: Klassen og nasjonen (1935–1946). Oslo 1988
Olav Riste: «London-regjeringa». Norge i krigsalliansen 1940–1945, 2. utgåve. Oslo 1995
Magne Skodvin: Krig og okkupasjon 1939–1945. Oslo 1990

«Johan Nygaardsvolds regjering», regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/om-regjeringa/tidligere-regjeringer-og-historie/sok-i-regjeringer-siden-1814/historiske-regjeringer/norske-regjeringer-1940-1945/johan-nygaardsvolds-regjering/id438691/ [lesedato 29.10.2018]

Først publisert: 11.04.2019
Sist oppdatert: 25.04.2019