Hopp til innhold
X
Innhald

Magnesium

Magnesium, grunnstoff, det lettaste metallet som blir brukt i dag. Magnesium blir brukt i fyrverkeri og i naudbluss til havs.

Magnesium er eit skinande, blankt og mjukt metall. I rekkjefølgja av grunnstoffa som finst i jordskorpa, er magnesium nummer seks. Magnesium utgjer 3 prosent av massen i jordskorpa og er det tredje mest vanlege grunnstoffet i sjøvatn. I konstruksjonar er magnesium det mest brukte metallet etter stål og aluminium.

Namnet magnesium kjem av at grunnstoffet blei funne i Magnesia, eit område i Hellas. Magnesium er eit grunnstoff med kjemisk symbol Mg og atomnummer 12. I periodesystemet er det plassert i periode 3 og gruppe 2. Magnesium har 12 proton og nøytron i kjernen og 12 elektron som svirrar rundt. Magnesium har fordelt elektrona sine på tre skal. Det inste skalet har 2 elektron, skal nummer to har 8 elektron, og det yste skalet har 2 elektron.

Magnesium blir nytta som konstruksjonsmetall i støyping av delar til bilar og fly. Det blir òg brukt i produksjonen av mindre maskiner, mobiltelefonar, hageutstyr og boksar til øl og mineralvatn. Ca. 40 prosent av all magnesium som blir produsert, blir nytta som legeringar i aluminiumsindustrien. Magnesium som legering i stål hindrar at stålet korroderer, altså rustar.

Lyspære med magnesiumtrådar, brukt i ein eldre blitslampe. Kjelde: Carlos Ebert på flickr.com. CC BY 2.0.

Lyspære med magnesiumtråd, brukt i ein eldre blitslampe. Kjelde: Carlos Ebert på flickr.com. CC BY 2.0.

Når magnesium brenn, gir det eit skarpt, kvitt lys. Før i tida utnytta ein dette når ein fotograferte i dårleg lys. Då brukte ein magnesium i pulverform. Eit fotokamera hadde ein open blendar. Det var her ein la magnesiumpulveret før ein tente på. Seinare blei det laga små blitslampar med ein tynn tråd av magnesium. Blitsen blei tend på elektrisk.

Magnesium er blitt nytta i krigføring. Saman med aluminium og jern blir magnesium brukt i brannbomber. Når magnesium brenn, er det nesten umogleg å sløkkje brannen. Den einaste løysninga er å grave det ned i sand. Magnesium kan brenne utan at oksygen er til stades, for då reagerer magnesiumet med nitrogen i staden.

Magnesium er med på å byggje opp skjelettet vårt. For at blodet vårt alltid skal ha same mengda med magnesium, blir det lagra i skjelettet. Magnesiumet byggjer opp strukturar i kroppen, til dømes cellemembranar og kromosom, og det spelar ei viktig rolle i danninga av DNA og protein.

Magnesium finst i ei rekkje matvarer. Gode kjelder til magnesium er mellom anna fisk, kaffi, peanøtter, fullkorn, brun ris og spinat. Magnesium reduserer mellom anna risikoen for høgt blodtrykk. Teikn på at ein manglar magnesium i kroppen, er tap av matlyst, kvalme, brekningar og at ein kjenner seg slapp.

Kjelder

Eivind Torgersen Genier, sjarlataner og 50 bøtter med urin. Oslo 2018


Henning Johansen: Magnesium, kompendium / Høgskolen i Gjøvik, ansatt.hig.no: http://www.ansatt.hig.no/henningj/materialteknologi/Skriftserien/ML_Magnesium_2012_nr.6.pdf [lesedato 4.1.2019]

Norsk Helseinformatikk: «Magnesium, terapi», nhi.no, sist oppdatert 3.5.2018: https://nhi.no/sykdommer/hormoner-og-naring/naring-og-vitaminer/magnesium-terapi/ [lesedato 26.12.18]

Arvid Mostad: «Magnesium», uio.no: https://www.mn.uio.no/kjemi/tjenester/kunnskap/periodesystemet/Mg/alt.html [lesedato 26.12.2018]

Kristian Sjøgren: «Det er masse magnesium i kroppen, men forskere vet ikke hvor mye», forskning.no, publisert 14.6.2018: https://forskning.no/2018/06/det-er-masse-magnesium-i-kroppen-men-forskere-vet-ikke-hvor-mye [lesedato 30.12.2018]

 

Peikarar

Kjemisk institutt, Universitetet i Oslo: «Magnesium», periodesystemet.no

Kjemisk institutt, Universitetet i Oslo: «Magnesium som brenner», mn.uio.no

NRK Newton: «Brann som IKKE kan slukkes av vann!», youtube.com


Først publisert: 07.08.2019
Sist oppdatert: 07.08.2019