Hopp til innhold
X
Innhald

Magnhild Folkvord

Magnhild Folkvord, journalist og forfattar. Ho har skrive bøker om markerte kvinner som Fredrikke Marie Qvam, Betzy Kjelsberg og Magnhild Haalke.

Magnhild Elisabet Folkvord er fødd 27. november 1945 i Levanger i Trøndelag. Ho bur i Oslo. Folkvord har cand.mag.-grad og pedagogisk seminar frå Universitetet i Oslo (1969). Ho var forlagssekretær i Det Norske Samlaget i 1971–73, industriarbeidar i Jøtul i 1975–89, saksbehandlar i Aetat i 1992–99 og journalist i Klassekampen frå 1999 til 2014. Sidan 2014 har ho vore sjølvstendig skrivande. Magnhild Folkvord er søstera til politikaren Erling Folkvord.

Både som journalist og forfattar har Folkvord vore oppteken av å fremje fagrørsla og kvinnerørsla. Politisk har ho sidan 1970-åra vore ei talskvinne for at kvinner skal ha like rettar som menn i arbeidslivet. Eit viktig tiltak er ifølgje Folkvord å arbeide for sekstimarsdagen. I 2008 gav ho ut boka Sekstimarsdagen – den neste velferdsreforma? saman med Ebba Wergeland. 

I 2013 gav Folkvord ut biografien Fredrikke Marie Qvam. Rabaldermenneske og strateg. Som leiar for fleire kvinneorganisasjonar stod Qvam i spissen for kvinnestemmerettskampen på slutten av 1800-talet. Biografien Betzy Kjelsberg. Feminist og brubyggjar (2016) handlar om den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg. Kjelsberg var ein viktig kvinnesaksforkjempar i første halvdel av 1900-talet.

Med biografien Der livet brenn. Ein biografi om Magnhild Haalke (2019) skriv Folkvord om trønderforfattaren som vart ein klassikar i levande live, men som vart gløymd av ettertida.

Kjelder

E-post frå Magnhild Folkvord 27.8.2019 

Magnhild Folkvord, forfattarside, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/magnhild-folkvord [lesedato: 21.8.2019]

Peikarar

Magnhild Folkvord: «Enkelt om sekstimarsdagen», agendamagasin.no https://agendamagasin.no/debatt/enkelt-om-sekstimarsdagen/

Først publisert: 20.11.2019
Sist oppdatert: 30.11.2019