Hopp til innhold
X
Innhald

Magnus Carlsen

Sven Magnus Øen Carlsen, norsk sjakkspelar, har dominert internasjonal sjakksport gjennom 2010-talet. Han har vunne verdsmeistertitlane i vanleg sjakk, hurtigsjakk og lynsjakk.

Sven Magnus Øyen Carlsen er fødd 30. november 1990 i Tønsberg. Han vaks seinare opp i Esbo i Finland, Brussel i Belgia og til slutt i Bærum. Faren skal ha introdusert han for sjakk då han var fem år gamal. Som 13-åring vann han titlane internasjonal meister og stormeister. Han var då den yngste stormeisteren nokon gong. Den vidaregåande utdanninga si tok han ved sjakklinja på Norges Toppidrettsgymnas i Bærum frå 2006 til 2009.

I 2010 fekk Carlsen si første toppnotering i Verdssjakkforbundet (FIDE) etter sigeren i ei superturning i Nanjing året før. I 2013 kvalifiserte han seg til VM i sjakk i Chennai i India mot indiske Vishy (Viswanathan) Anand, der Carlsen vann.

Carlsen fekk Sjakk-Oscar fem år på rad frå 2009 til 2013. I 2009 fekk han juryen sin ekstrapris under den norske idrettsgallaen. I 2011 fekk han Peer Gynt-prisen som den yngste nokon gong. Under idrettsgallaen i 2014 fekk Carlsen tre prisar: Årets namn, Open klasse og Utøvarane sin pris. Same året nådde han toppscoren sin i rangeringa hos FIDE, ved å vinne VM i sjakk, hurtigsjakk og lynsjakk. Han forsvarte tittelen i hurtigsjakk året etter og vann han igjen i 2019. I juli 2016 blei Carlsen æresmedlem i Norges Sjakkforbund (NSF). Han forsvarte verdsmeistertittelen i sjakk i 2016 og 2018, og han vann Grand Chess Tour i 2015 og 2017. Han blei verdsmeister i lynsjakk igjen i 2017, 2018 og 2019.

Carlsen tapte i finalen mot amerikanaren Wesley So i den første verdsmeisterskapen i fischersjakk i Bærum i 2019. Kort etter melde han seg ut av NSF, truleg fordi ein omstridt sponsoravtale med eit utanlandsk pengespelselskap blei stemt ned på sjakkongressen, men han får framleis representere Noreg i meisterskap. Han avslutta 2019 med ein tredjeplass i Grand Chess Tour.

I 2020 spelte Carlsen mange nettbaserte turneringar på grunn av koronapandemien, mellom anna si eiga turnering Magnus Carlsen Invitational, som han vann i mai 2020. Dette året sette Carlsen verdsrekord i langsjakk-kampar utan tap, ein rekord som i oktober enda på 125 parti utan tap.

 

Kjelder

Martin Andersson: «Tidenes yngste Peer Gynt», nrk.no, publisert 3.8.2011: https://www.nrk.no/innlandet/tidenes-yngste-peer-gynt-1.7736998 [lesedato: 18.2.2020]

Bernt Harald Brennevann: «Carlsens bruk av Google-forskning begeistrer: – En helt vanvittig prestasjon», aftenposten.no, publisert 31.12.2019: https://www.aftenposten.no/sport/sjakk/i/dO0ajX/carlsens-bruk-av-google-forskning-begeistrer-en-helt-vanvittig-prestasjon [lesedato: 18.2.2020]

Grand Chess Tour, grandchesstour.org: https://grandchesstour.org/ [lesedato 9.12.2019]

Marthe Ihle og Sigbjørn Strand: «Magnus Carlsen vant tre priser på Idrettsgallaen», dagbladet.no, publisert 4.1.2014: https://www.dagbladet.no/sport/magnus-carlsen-vant-tre-priser-pa-idrettsgallaen/61627516 [lesedato: 18.2.2020]

Arve Lote og Haron Hussain: «111 kampar utan tap for Magnus Carlsen: – Ein rekord som kan stå i fleire tiår», nrk.no, sist oppdatert 14.1.2020: https://www.nrk.no/sport/111-kampar-utan-tap-for-magnus-carlsen_-_-ein-rekord-som-kan-sta-i-fleire-tiar-1.14860066 [lesedato 9.10.2020]

Norges Toppidrettsgymnas: «Adelskalender», ntg.no, sist oppdatert mars 2020: https://www.ntg.no/artikkel/adelskalender?source=38 [lesedato: 9.10.2020]

Play Magnus: «Magnus Carlsen – The King of Chess», magnuscarlsen.com, oppdatert 1.10.2019: https://magnuscarlsen.com/en/bio [lesedato 8.12.2019]

Walter Scott: «Chess Oscar 2017», chess.com, publisert 12.9.2017: https://www.chess.com/forum/view/general/chess-oscar-2017 [lesedato: 18.2.2020]

Sjakknytt: «Magnus Carlsen», sjakknytt.no: https://www.sjakknytt.no/sjakkinformasjon/norske-stormestre/magnus-carlsen/ [lesedato 8.12.2019]

Sjakktuelt: «Stikkordarkiv: Magnus Carlsen», sjakk.no, publisert 17.10.2018: https://www.sjakk.no/tag/magnus-carlsen/ [lesedato 8.12.2019]

Brede Bleiklie Thomassen og Jørund Wessel Carlsen: «Carlsen har meldt seg ut av Norges Sjakkforbund: – Skjønner at flere stusser», nrk.no, oppdatert 8.11.2019: https://www.nrk.no/sport/carlsen-har-meldt-seg-ut-av-norges-sjakkforbund-1.14774956 [lesedato 8.12.2019]

World Fischer Random Chess Championship 2019, frechess.com: https://www.frchess.com/ [lesedato 8.12.2019]

 

Peikarar

Den offisielle bloggen til Magnus Carlsen, arctic.com

Først publisert: 09.10.2020
Sist oppdatert: 27.10.2020