Hopp til innhold
Malala Yousafzai. Foto: Torbjørn Kjosvold/FMS, Statsministerens kontor på Flickr.com CC BY-ND 2.0
Malala Yousafzai. Foto: Torbjørn Kjosvold/FMS, Statsministerens kontor på Flickr.com CC BY-ND 2.0
X
Innhald

Malala Yousafzai

Malala Yousafzai, pakistansk skuleelev, politisk aktivist, bloggar og vinnar av Nobels fredspris 2014.

Malala Yousafzai er fødd 12. juli 1997 i Mingora, nord i Pakistan. Ho er no busett i Storbritannia. Far hennar, Ziauddin Yousafzai, dreiv fleire skular i Pakistan. Då Taliban i 2009 tok over området familien budde i, fekk ikkje jenter lenger gå på skulen. Som elleveåring, i 2009, starta Malala Yousafzai å skrive ein blogg for BBC under psevdonymet Gul Makai, i protest mot diskriminering av jenter og kvinner. I bloggen skreiv ho òg kritisk om livet generelt under det harde talibanregimet. Sidan har ho vore ein sterk forkjempar for born, og særleg jenter, sin rett til utdanning.
 
Då Malala Yousafzai stod fram som bloggaren med eige namn, vart både ho og familien drapstruga. Bloggen vart lagd ned, men Yousafzai vart intervjua i ein dokumentar i New York Times same året, der ho heldt fast ved kritikken mot Taliban.
 
I 2011 fekk Malala Yousafzai National Youth Peace Prize i Pakistan. Dette likte Taliban dårleg og heldt oppe drapstrugsmålet mot skuleeleven. 9. oktober 2012 vart ho skoten i hovudet av talibansoldatar då ho sat i skulebussen. Ho overlevde og vart flytta til eit sjukehus i Storbritannia for behandling. Saka fekk stor internasjonal merksemd. Malala Yousafzai gjennomgjekk fleire omfattande operasjonar, og då ho vart utskriven, heldt ho fram med det politiske arbeidet for jenter sin rett til utdanning.
 
(Artikkelen held fram under videoen)
 
Video: «Historien om Malala», NRK Skole
 
Malala Yousafzai talte til hovudforsamlinga i FN på sekstenårsdagen sin, 12. juli 2013, med ein bodskap om ikkje-vald, utdanning og mot diskriminering av kvinner. Denne dagen vert no kalla Malaladagen.
 
Malala Yousafzai har reist fleire krav, mellom anna at heimlandet Pakistan utarbeider ein plan som gjer det mogleg for alle born å gå på skule, og ho krev at alle land i verda forbyr diskriminering av jenter. Ho har møtt fleire av dei mektigaste leiarane i verda og hadde møte med statsminister Erna Solberg i juni 2014.
 
(Artikkelen held fram under fotoet)
Statsminister Erna Solberg tok i mot Malala Yousafzai statsminsiterbustaden 14. juni 2014 då Yousafzai besøkte Noreg. Yousafzai, Malala_Foto Torbjørn Kjosvold/FMS, Statsministerens kontor på Flickr.com CC BY-ND 2.0
Statsminister Erna Solberg tok i mot Malala Yousafzai statsminsiterbustaden 14. juni 2014 då Yousafzai besøkte Noreg. Yousafzai, Malala. Foto: Torbjørn Kjosvold/FMS, Statsministerens kontor på Flickr.com CC BY-ND 2.0
 
Malala Yousafzai har fått fleire prisar, mellom anna Children Peace Price (2013), Sakharovprisen (2013) og Anna Politkovskaya Award (2013). I 2014 stifta ho «Malala Fund», som arbeider for jenter sin rett til utdanning. Fondet arbeider i fleire land, mellom anna i Pakistan, Nigeria, Jordan og Kenya.
 
(Artikkelen held fram under fotoet)
Malala Yousafzai frå då ho mottok Sakharovprisen. Europaparlamentet, Brussel 2013. Foto: European Parliament, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0
Malala Yousafzai frå då ho mottok Sakharovprisen. Europaparlamentet, Brussel 2013. Foto: European Parliament, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0
 
Malala Yousafzai er tildelt Nobels fredspris i 2014, saman med den indiske aktivisten Kailash Satyarthi. Med sine 17 år er ho den yngste personen som har fått Nobels fredspris.
 
Kjelder
«Malala Yousafzai», biography.com: http://www.biography.com/people/malala-yousafzai-21362253 [lesedato 10.10 2014]
Malala Fund: «Malala's Story», malala.org: http://www.malala.org/#malalas-story [lesedato 10.10 2014]
Ashley Fantz: «Pakistan's Malala: Global symbol, but still just a kid», cnn.com, publisert 10.10.2014: http://edition.cnn.com/2012/10/15/world/malala-profile/ [lesedato 10.10 2014]
The daily beast: «Who is Malala?», thedailybeast.com:
Hilde Helljesen og Laila Ø. Bakken: «Malala Yousafzai og Kailash Satyarthi deler Nobels fredspris», nrk.no, publisert 10.10.2014: http://www.nrk.no/nobel/fredsprisen-til-malala-1.11978880 [lesedato 10.10 2014]
The Guardian: «Malala Yousafzai on life in Britain: 'We have never seen women so free'», theguardian.com, publisert 7.10.2013: http://www.theguardian.com/world/2013/oct/07/malala-yousafzai-life-britain-pakistan-taliban [lesedato 10.10 2014]
Den Norske Nobelkomité: «Kunngjøring. Nobels fredspris for 2014», publisert 10.10.2014: http://nobelpeaceprize.org/nb_NO/laureates/laureates-2014/announce-2014/ [lesedato 10.10 2014]

Først publisert: 04.12.2014
Sist oppdatert: 20.04.2017