Hopp til innhold
X
Innhald

Margit Walsø

Margit Walsø, forfattar og direktør ved Senter for norsk litteratur i utlandet, NORLA, ei stilling som gir henne ein sentral posisjon i norsk bokbransje.

Margit Walsø er fødd på Sunndalsøra 11. januar 1968. Ho studerte kjemi og realfag ved Norges tekniske høgskole i Trondheim og tok deretter hovudfag i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo i 1993. Same året vart ho tilsett i Det Norske Samlaget, først som redaktør, seinare som forlagssjef. Frå 2011 har ho vore direktør ved NORLA og hatt hovudansvaret for å leggje til rette for Noreg sin plass som hovudgjest ved bokmessa i Frankfurt i 2019. 

Walsø debuterte som forfattar med Kjære Voltaire i 2007, følgt av Dronningens løfte i 2013. Begge er historiske romanar med utgangspunkt i fakta og med handlingar lagde til Frankrike. I Kjære Voltaire er det vitskapskvinna Émilie du Châtelet (1706–1749) som er hovudperson, i Dronningens løfte dronning Marie-Antoinette, basert på forskinga til Alma Söderhjelm (1870–1949). Handlinga i Parfymeorgelet (2018) går òg føre seg i Frankrike, men no i 1970-åra og med den oppdikta kjemistudenten Ingrid som sentrum i forteljinga.

Walsø sitt kjennemerke er underhaldningsromanar der intrigane inngår i korrekte historiske og vitskaplege samanhengar, ofte med stor detaljrikdom. Dei ber preg av ein forfattar med akademiske kunnskapar, både i djupn og breidd. Bøkene har alle etterord som viser kjeldene ho har brukt.

I NORLA har Walsø vore pådrivar og prosjektleiar for Noreg som æresgjest ved bokmessa i Frankfurt i 2019. Rolla som hovudland inneber fleire hundre kultur- og litteraturarrangement i Tyskland og er ei av dei største norske kultursatsingane i nyare tid.

I 2016 vart Walsø kåra til den 12. mektigaste personen i norsk bokbransje, av bladet Bok & Samfunn.

Kjelder

E-post frå Margit Walsø 7.9.2019 

Margit Walsø: Kjære Voltaire, Oslo 2007

Margit Walsø: Parfymeorgelet, Bergen 2018

Regjeringa, Utanriksdepartementet: «Norge som gjesteland på bokmessen i Frankfurt 2019», regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/tema/utenrikssaker/inter_kultur/gjesteland_bokmesse/id2653951/ [lesedato 10.9.2019]

Peikarar

Helga Tunheim og Agnes Moxnes: «Bokmessedirektør: – Norske forfattarar vil få massiv merksemd i Tyskland», nrk.no https://www.nrk.no/kultur/bokmessedirektor_-_-norske-forfattarar-vil-fa-massiv-merksemd-i-tyskland-1.14010610

NRK Radio: Intervju med Margit Walsø om Parfymeorgelet, frå programserien «Holm», radio.nrk.no https://radio.nrk.no/serie/holm/DMTO13007118/14-05-2018

Først publisert: 12.11.2019
Sist oppdatert: 14.11.2019