Hopp til innhold

Mari Boine

Mari Boine, artist og komponist. Ho har vorte ei talskvinne for den samiske kulturen, og musikken hennar har nådd eit stort internasjonalt publikum.

Mari Boine er fødd 8. november 1956 i Karasjok og bur no i Karasjok. Ho gjekk på lærarskulen i Alta (1976–80), før ho var tilsett som lærar ved Billefjord skole i Porsanger frå 1980 til 1985. Frå 2008 til 2011 var ho professor II i musikk ved Høgskolen i Nesna.

Ho debuterte med albumet Jaskatvuoda manná (Etter stillheten) i 1985. Med Gula Gula (Hør stammødrenes stemme) fekk ho i 1989 sin første spellemannspris og eit gjennombrot som artist i Noreg. Sidan har ho gitt ut fleire album, både som soloartist og i samarbeid med andre musikarar, mellom dei Bugge Wesseltoft og Jan Garbarek.

Boine voks opp i ei tid og i eit samfunn der joik var sett på som synd. I heimen hennar var joiking forbode. Som vaksen fann ho tilbake til joiken, og musikken ho har laga, er sterkt inspirert av joik og den måten å syngje på. Med element frå rock, jazz og elektronika har ho laga eit særeige musikalsk uttrykk. Både musikken og tekstane ber preg av engasjementet hennar for samisk kultur. Det sinnet ho kjenner på vegner av det samiske folket, er ei viktig kraft i musikken. Det gjeld særleg dei tidlegaste songane, til dømes handlar «Koffor e det så stille?» (1985) om at ein ikkje skal kjenne seg mindreverdig på grunn av at ein er samisk.

Boine har vorte ei talskvinne for den samiske kulturen, og musikken hennar har nådd eit stort publikum, både i Noreg og i utlandet. Ho har vist at samisk er eit språk som kan nyttast i alle samanhengar, også i musikken. Frå å kjenne seg mindreverdig på grunn av den samiske bakgrunnen sin har ho vist at hennar eigen kultur er noko å vere stolt over. I 2001 song Boine salmen «Mitt hjerte alltid vanker» i bryllaupet til kronprins Haakon Magnus og kronprinsesse Mette-Marit. Det vart sett på som ei forsoning mellom samisk og norsk kultur, og mellom joik og kristen musikk.

Mari Boine har fått ei rekkje prisar. I 1992 fekk ho Samerådets ærespris, i 2003 Nordisk råds musikkpris, og ho har fått spellemannspris fire gonger, mellom anna heidersprisen i 2018. I 2009 vart ho utnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden, og i 2015 vart ho innlemma i Rockheim Hall of Fame.

 

Kjelder

Per Lars Tonstad: Mari Boine. Fly med meg!, biografi. Oslo 2012

Carl-Gøran Larsson og Ánne Márjá Hætta: «Mari Boine fikk Spellemannprisens hederspris: – Musikken har vært medisin for meg», nrk.no, sist oppdatert 27.2.2018: https://www.nrk.no/sapmi/mari-boine-fikk-spellemannprisens-hederspris-1.13933729 [lesedato 24.3.2019]

 

Peikarar

Nettstaden til Mari Boine, mariboine.no

Steinar Lem: «Sjelens språk», framtiden.no

Mari Boine syng «Goaskinviellja» («Eagle Brother»), youtube.com


Sist oppdatert: 13.06.2019