Hopp til innhold
X
Innhald

Mark Zuckerberg

Mark Elliot Zuckerberg, amerikansk dataprogrammerar og medgrunnleggjar av det globale nettsamfunnet Facebook.

Mark Zuckerberg er fødd 14. mai 1984 i White Plains, New York, USA. Han er busett i California. Etter to år som elev ved Ardsley High School i New York, flytta han i 2000 over til privatskulen Phillips Exeter Academy i New Hampshire. Hausten 2002 byrja han å studere psykologi og datavitskap ved Harvard University. Han avslutta studia i 2004 for å vere datagründer på heiltid.

Allereie i ung alder fekk Zuckerberg grundig opplæring i dataprogrammering. Då han var 12 år gamal utvikla han eit dataprogram som gjorde det mogleg å sende meldingar elektronisk. Familiemedlemene nytta ZuckNet til å kommunisere med kvarandre i heimen, og med faren når han var på jobb på tannlegekontoret. ZuckNet var det første steget mot det som seinare skulle verte Facebook.

Medan Zuckerberg i 2003 gjekk andre året på Harvard, koda han nettstaden Facemash. Denne nettstaden vart raskt stengd då det vart oppdaga at Zuckerberg nytta ulovlege metodar for å finne og bruke bilete frå universitetet sine databasar. I januar 2004 byrja Zuckerberg å kode ein ny nettstad, saman med fire studiekameratar. Ein månad seinare vart TheFacebook lansert. Seinare vart nettstaden vidareutvikla og namnet endra til Facebook.

Nettsamfunnet var til å begynne med berre tilgjengeleg for brukarar ved universitetet. I 2006 opna Facebook for at alle med e‑postadresse kunne registrere seg som brukarar. Frå då av spreidde Facebook seg globalt og vart på kort tid det mest brukte sosiale mediet i verda. I tredje kvartal 2019 nytta 2,6 milliardar personar Facebook månadleg. I same periode hadde Facebook 1,62 milliardar aktive brukarar dagleg.

Facebook og Zuckerberg har møtt ein del kritikk, mellom anna når det gjeld personvern. Utlevering av personleg informasjon kan auke faren for at nokon misbruker informasjonen. Varslarnettstaden Wikileaks har hevda at Facebook deler sensitive opplysingar med amerikanske etterretningstenester.

Mange meiner at det er for lett å spreie hatytringar og valdeleg innhald på Facebook og andre sosiale medium. I Noreg har fleire brukarar opplevd å verte sensurerte av Facebook for å poste innhald som er lovleg etter norske reglar. Endåtil statsminister Erna Solberg har opplevd slik sensur.

Zuckerberg vart kåra til Årets namn 2010 av det amerikanske tidsskriftet Time. I ein alder av 24 år oppnådde han i 2008 å verte den yngste milliardæren i verda.

 

Kjelder

Anastasia Suen: Mark Zuckerberg. Facebook Founder. Minneapolis, USA 2016


J. Clement: «Number of monthly active Facebook users worldwide as of 3rd quarter 2019», statista.com, publisert 19.11.2019: https://www.statista.com/statistics/264810/number-of-monthly-active-facebook-users-worldwide/ [lesedato 22.12.2019]

J. Clement: «Number of daily active Facebook users worldwide as of 3rd quarter 2019», statista.com, publisert 19.11.2019: https://www.statista.com/statistics/346167/facebook-global-dau/ [lesedato 22.12.2019]

Andrew Marszal: «Timeline: the life of Mark Zuckerberg», telegraph.co.uk, publisert 2.12.2011: https://www.telegraph.co.uk/culture/tvandradio/8930485/Timeline-the-life-of-Mark-Zuckerberg.html [lesedato 13.11.2019]

 

Peikarar

Eirik Tangeraas Lygre: «Zuckerberg-grillinga direktesendt tysdag: Dette ville EU ha svar på», framtida.no, publisert 22.5.2018

Nina Selbo Torset og Ola Mathismoen: «Christchurch-terroren: Norge vil signere global erklæring mot spredning av voldelig innhold på internett», aftenposten.no, publisert 13.5.2019

Siva Vaidhyanathan: «Surprised about Mark Zuckerberg's secret meeting with Trump? Dont be», theguardian.com, publisert 22.11.2019

Facebook-kontoen til Mark Zuckerberg, facebook.com

Mark Zuckerberg, innlegg på Facebook, facebook.com

Først publisert: 27.04.2020
Sist oppdatert: 30.04.2020