Hopp til innhold
Martin Tranmæl. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0.
Martin Tranmæl. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0.
X
Innhald

Martin Tranmæl

Martin Tranmæl, 1879–1967, var pressemann og politikar for Arbeidarpartiet. Han er rekna som den fremste politiske leiaren i Arbeidarpartiet i mellomkrigstida.

Martin Tranmæl, 1879–1967, var pressemann og politikar for Arbeidarpartiet. Tranmæl var medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet mellom 1906 og 1918, og av sentralstyret frå 1918 til 1963. Frå 1921 til 1949 var han redaktør av hovudorganet i partiet, Social-Demokraten (frå 1923 Arbeiderbladet). Han var med på alle LO-kongressane frå 1907 til 1961, og han var medlem av sekretariatet i 1920–25 og 1927–46. På Stortinget sat han frå 1925 til 1927.

Martin Tranmæl tok initiativet til Fagopposisjonen av 1911, som tok sikte på å gjere fagrørsla meir eigna for revolusjonær kamp. Han er rekna som den fremste politiske leiaren i Arbeidarpartiet i mellomkrigstida, og han stod også sentralt i arbeidet med å utforme etterkrigspolitikken til partiet. Tranmæl var også ein viktig politisk figur i partiet i 1950-åra. Han var elles aktiv avhaldsmann.


Martin Tranmæl var ein kjend talar. Sjå video frå NRK Skole:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2016
Sist oppdatert: 11.04.2016