Hopp til innhold
X
Innhald

Martine Tønnessen

Anne Martine Havnen Tønnessen, samfunnsøkonom, leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU), ungdomsorganisasjonen til Kristeleg Folkeparti, sidan 2017.

Martine Tønnessen er fødd 3. november 1988 på Hamar i Hedmark, der ho òg voks opp. Ho var elev ved Hamar katedralskole i 2004–07 (inkludert eit år ved Wichita Heights High School i Kansas i USA), og ho studerte interkulturell kommunikasjon ved Mediehøgskolen Gimlekollen i 2010–11. Tønnessen tok mastergrad i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo i 2016. Ho har mellom anna arbeidd i AFS Norge Internasjonal Utveksling og ANSA i perioden 2011–15.

Ho blei aktiv i KrFU i 2014 og blei samtidig fylkesstyremedlem i Oslo KrFU. I 2015–17 var ho andre nestleiar i KrFU, i 2017 blei ho vald til leiar i ungdomsorganisasjonen for perioden 2017–18 og attvald året etter. Ho tok over etter Ida Lindtveit Røse.

I motsetnad til resten av leiinga i KrFU var Tønnessen positiv til at KrF skulle gå i regjeringssamarbeid med Høgre, Venstre og Framstegspartiet hausten 2018, då partiet tok eit vegval, for ho meinte at KrF hadde mykje å tene på det og ville få meir gjennomslag for politikken sin. Politisk er berekraft, klima og miljø og bistand viktige saker for henne, i tillegg til at ho vil ha ei strengare abortlov.

Martine Tønnessen arbeidde som frivillig i Youth With A Mission (Ungdom i Oppdrag) i Mellom-Amerika i 2008–09, var frivillig i European Federation for Intercultural Learning (EFIL), paraply-organisasjonen til AFS i Europa, i 2011–14 og var styremedlem og seinare leiar av Frederik Studentforening i 2012–14.


Kjelder

Hamar Arbeiderblad: «Martine fra Hamar er ny leder i KrFU», h-a.no, publisert 25.10.2017: https://www.h-a.no/nyhet/martine-fra-hamar-er-ny-leder-i-krfu [lesedato 21.3.2019]

Dagsavisen: «Martine Tønnessen gjenvalgt som leder i KrFU», dagsavisen.no, publisert 22.9.2018: https://www.dagsavisen.no/innenriks/martine-tonnessen-gjenvalgt-som-leder-i-krfu-1.1206735 [lesedato 21.3.2019]

Martine Tønnessen, profil på Linkedin, linkedin.no: https://www.linkedin.com/in/martine-t%C3%B8nnessen-257ab441/ [lesedato 21.3.2019]

 

Peikarar

Gunnar Ringheim: «Knallhardt oppgjør med Hareide», dagbladet.no

Alf Bjarne Johnsen ofl.: «KrFU splittet: Full strid om regjeringsdeltakelse», vg.no

Først publisert: 20.06.2019
Sist oppdatert: 20.06.2019