Faktaboks

Mary Hegge

Psevdonym: Mari Bru

Fødd
20. januar 1908, Byneset, Trøndelag
Død
2. desember 2001

Mary Hegge var lærar og forfattar. Ho skreiv barnebøker, noveller og andre forteljingar, var ein mykje brukt kåsør og prologskrivar, og var aktiv i kvinnesaksrørsla.

Bakgrunn

Mary Hegge var fødd i Byneset kommune (no Trondheim) i Sør-Trøndelag (no Trøndelag). Etter lærarskule i Levanger i 1930 blei ho tilsett som lærar ved Garten skule på Ørlandet. Deretter kom ho til Vinge skule i Skatval. Frå 1940 til ho slutta i skuleverket i 1964, arbeidde ho i skulen på Inderøy, lengst på Sakshaug skule.

Som lærar var ho sterkt oppteken av elevar som hadde lese- og skrivevanskar, og gav dei ekstraundervisning. Ho meinte at dei kunne vere like flinke som dei andre, berre dei fekk hjelp. Mannen, Ole Hegge, var òg lærar, og frå 1945 budde dei på tettstaden Straumen.

Hegge var aktiv i kvinnesaksrørsla og skreiv mellom anna prologen til Inderøy sanitetslags 50-årsjubileum.

Forfattarskapen

I 1941 tok Hegge til å skrive noveller for kvinnebladet Urd. Ho brukte då psevdonymet Mari Bru. Ho skreiv òg noveller i Nynorsk vekeblad, og gjennom mange år skreiv ho juleskisser i Inntrønderungdommen og Jul i Trøndelag. Handlinga i desse stykka dreidde seg ofte om dei snille som hjelpte dei svake, med handlinga lagt til hennar eigen barndom. Ho skreiv dessutan dikt i Adresseavisen.

Hegge skreiv to barnebøker tidleg i 1950-åra, Beritungen i 1951 og Beritungen får nye vener i 1952. Språket i bøkene er ein mellomting mellom trøndsk og normert nynorsk. Handlinga går føre seg på ein gard først på 1900-talet og byggjer på barndomsminne frå oppveksten på Byneset. Handlinga krinsar om moralske tema som rettferd og hjelp til dei svake i samfunnet.

Utmerkingar

For Beritungen fekk Hegge pris frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Liv Skogset Værdal (red.): Inderøybøkene. Heim og Folk, bd. 5: Sakshaug, del II, s. 31. Inderøy museums- og historielag 2011

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg