Hopp til innhold

Agder Tidend

Agder Tidend var ei nynorskavis som talte bøndene si sak. Avisa kom ut i Kristiansand mellom 1919 og 1963 som dagsavis, og som vekeavis fram til 1985.

Les meir om Agder Tidend

Andvake

Andvake, blad på landsmål som kom ut i Kristiania frå januar til juni i 1871. Det var tredje årgangen av bladet Svein Urædd.

Les meir om Andvake

Bondebladet

Bondebladet, avis publisert mellom 1914 og 1935. Talerøyr for bonderørsla på Voss og bygdene omkring, før ho i 1922 vart flytta til Bergen som partiavis for det nyskipa Bondepartiet.

Les meir om Bondebladet

Dag og Tid

Dag og Tid

Dag og Tid, nynorsk vekeavis utgitt i Oslo frå 1963, er ei partipolitisk ubunden og sterk meiningsavis som har vore lengre i drift enn noka anna riksavis på nynorsk.

Les meir om Dag og Tid

Den 17de Mai

Den 17de Mai kom ut i Kristiania/Oslo frå 1894 til 1935 og er det hittil mest vellukka forsøket på å drive ei landsdekkjande dagsavis på nynorsk.

Les meir om Den 17de Mai

Dølen

Dølen er vekeavisa Aasmund Olavsson Vinje skreiv og gav ut i perioden 1858–1870. Dølen var den første nynorske avisa.

Les meir om Dølen

Ferdamannen

Ferdamannen, eit vekeblad skipa av Henrik Krohn i 1865. Bladet kom ut i vel to år og var det første bladet på landsmål etter Dølen.

Les meir om Ferdamannen

Finnmarkingen

Finnmarkingen var eit landsmålsblad i Vadsø som kom ut med to nummer i 1875. Nokre av artiklane var på eit landsmål tilpassa finnmarksmålet.

Les meir om Finnmarkingen

Firda

Firda, dagsavis som kjem ut i Førde på papir og nett, og som dekkjer Sunnfjordregionen og tilgrensande område. Firda er den største nynorskavisa i landet.

Les meir om Firda

Firda Tidend

Firda Tidend, lokalavis for Gloppen og indre Jølster, som kjem ut tre dagar i veka på Sandane i Sogn og Fjordane. Avisa vert redigert på nynorsk og har ei historie tett knytt opp til Senterpartiet.

Les meir om Firda Tidend

Firdaposten

Firdaposten, lokalavis for Flora og Bremanger, som kjem ut i Florø tre dagar i veka. Avisa vert redigert på nynorsk og var tidlegare partiorgan for Arbeidarpartiet. Firdaposten er ått av A-pressa.

Les meir om Firdaposten

Fjordabladet

Fjordabladet, lokalavis for midtre Nordfjord, som vert redigert på nynorsk og kjem ut på Nordfjordeid tre dagar i veka. Avisa har ei fortid som organ for Venstre og er den eldste avisa i Sogn og Fjordane.

Les meir om Fjordabladet

Fjordaposten

Fjordaposten, nynorskavis som kom ut i Bergen frå 1923 til 1940. Avisa var grunnlagd og driven av den fargerike pressemannen og historikaren Albert Joleik frå Florø.

Les meir om Fjordaposten

Fram

Fram, blad på talemålsprega landsmål som kom ut i Kristiania frå juli 1871 til februar 1874 og var redigert av Olaus Fjørtoft.

Les meir om Fram

Gjallarhorn

Gjallarhorn, bygdeblad som kom ut i Førde mellom 1936 og 1940, med folkeopplysing som fanesak. Etter to år vart avisa organ for Det norske Arbeidarparti.

Les meir om Gjallarhorn

Grømstadposten

Grømstadposten, Venstre-avis frå Grimstad utgitt mellom 1884 og 1951, som talerøyr for nasjonal oppvakning og med ei kritisk røyst mot nazismen sin framvekst på kontinentet.

Les meir om Grømstadposten

Gula Tidend

Gula Tidend, nynorskavis utgitt i Bergen 1904–96, fornorska nyhendespråket og gav ut Agatha Christie på nynorsk, men var regionavisa som tapte mot dei mange nye lokalavisene.

Les meir om Gula Tidend

Hallingdølen

Hallingdølen

Hallingdølen, avis skipa i 1936 i Ål, den største nynorskavisa på Austlandet. Hallingdølen har fire gonger blitt kåra til Årets lokalavis. I 2013 vart avisa kåra til den beste lokalavisa i Europa.

Les meir om Hallingdølen

Melhusbladet

Melhusbladet, politisk ubunden lokalavis skipa av Åsmund Snøfugl i 1979 og med nynorsk som mykje brukt målform. Avisa skifta namn til Trønderbladet i 1986.

Les meir om Melhusbladet

Norsk Tidend

Norsk Tidend var avisa som skulle bli den nye nynorske riksavisa etter Fedraheimen og Den 17de Mai. I dag er Norsk Tidend medlemsblad for Noregs Mållag.

Les meir om Norsk Tidend

Ny Tid

Ny Tid, avis knytt til Sosialistisk Venstreparti 1975–1998, deretter partipolitisk uavhengig. Avisa gjekk i 2015 over frå vekesavis til månadsavis, og er i dag Noregs einaste avis som kjem ut i klassisk fullformat.

Les meir om Ny Tid

Nynorsk Pressekontor

Nynorsk Pressekontor (NPK) vart oppretta i 1969 for å distribuere eit utval av nyheitstenestene til NTB og eigne reportasjar og artiklar på nynorsk til ca. 80 interesserte aviser og blad.

Les meir om Nynorsk Pressekontor

Næmingen

Næmingen er eit nynorsk barneblad som kom ut på Svorkmo i Trøndelag frå 1898 til 1906. Det meste av stoffet var skrive av borna sjølve.

Les meir om Næmingen

Smørbukk

Smørbukk

Smørbukk er ein av dei klassiske norske teikneseriane. Serien har namn etter hovudpersonen, og har vore publisert i Norsk Barneblad sidan 1938. I 1941 kom det første juleheftet.

Les meir om Smørbukk

Sogn Avis

Sogn Avis, avis som kjem ut på Leikanger i Sogn og Fjordane på nett og fem dagar i veka på papir. Sidan 2002 har avisa vore einerådande som papiravis og lokalavis i indre Sogn.

Les meir om Sogn Avis

Sogn Dagblad

Sogn Dagblad, utgitt i perioden 1965–1997 i industribygdene Høyanger og Årdal som partiavis for Arbeidarpartiet. Dette var gjennom fleire tiår den einaste dagsavisa i fylket.

Les meir om Sogn Dagblad

Sogn Folkeblad

Sogn Folkeblad, arbeidarpartiavis for Sogn som tok til å komme ut i 1938. Frå 1945 kom ho ut i arbeidarbastionen Høyanger, og etter tjue år her vart ho omgjort til dagsavis, den første nynorske dagsavisa etter 1945 og den første dagsavisa i Sogn og Fjordane. 

Les meir om Sogn Folkeblad

Sogningen og Sogningen/Sogns Avis

Avisa Sogningen hadde sitt opphav i Vik i Sogn i 1897, men flytta fleire gonger før avisa enda opp med Leikanger som utgivarstad 60 år seinare. Her fekk Hans Arnesen redaktøransvaret, og etter samanslåinga med Sogns Avis vart den nye avisa, Sogningen/Sogns Avis ei av dei største pressesuksessane i Sogn og Fjordane nokon gong.

Les meir om Sogningen og Sogningen/Sogns Avis

Sogns Avis

Sogns Avis, bondeavis for Sogn som kom ut i Vik 1926–48, Sogndal 1948–54 og Leikanger 1959–72. I 1972 vart avisa slått saman med avisa Sogningen til den nye S/SA, som i 1993 gjekk inn i Sogn Avis.

Les meir om Sogns Avis

Sogns Tidende

Sogns Tidende var den første avisa i Sogn, starta i 1878 av den seinare statsministeren Otto Blehr, som også starta fylkets første avis, Fjordabladet, på Eid.

Les meir om Sogns Tidende

Stille Stunder

Stille Stunder er det nest eldste nynorske bladet som framleis kjem ut. Det kristelege oppbyggingsbladet vart skipa i 1889 – to år etter Norsk Barneblad.

Les meir om Stille Stunder

Sygna

Sygna var ei lokalavis for Sogndal som kom ut i åra 1901 til 1903. Avisa var mellom dei første bygdeavisene i landet som kom ut på nynorsk.

Les meir om Sygna

Syn og Segn

Syn og Segn er eit av dei eldste og mest respekterte allmennkulturelle tidsskrifta i Noreg og har i periodar vore eit av dei største tidsskrifta i Europa.

Les meir om Syn og Segn

Årdal og Lærdal Avis

Årdal og Lærdal Avis, papiravis som kom ut i Øvre Årdal i Sogn og Fjordane frå 1997 til 2002. Avisa oppstod då A-pressa prøvde på å komme inn på avismarknaden i Sogn, men ho skulle få eit heller kort liv.

Les meir om Årdal og Lærdal Avis