Hopp til innhold
X
Innhald

Aalesunds Avis

Aalesunds Avis skulle vere den nye Høgre-avisa i byen i 1917, men fekk aldri skikkeleg fotfeste. Eigarar og redaktørar skifta raskt, og utgivinga blei stansa i periodar.

Det første nummeret av Aalesunds Avis kom ut 20. oktober 1917. Då hadde Frisinnede Venstre / Høgre vore utan avis i Ålesund heilt sidan Søndmøre Folketidende gjekk inn i 1911, og det hadde lenge vore arbeidd med finansiering av ei ny konservativ avis i sunnmørsbyen. Redaktøren for den nye avisa var Gerhard Jynge, tidlegare redaktør i Dagsposten i Trondheim. I 1921 tok Carl Ulfsæt over redaktøransvaret i nokre år, men avisa sleit hardt med økonomien, og i 1925 måtte det refinansiering til. Samtidig blei Øyvind Lange tilsett som redaktør. Han var redaktør fram til 1929, då det på nytt var økonomisk krise for avisa, og ho stansa for ein periode.

Avisa blei no kjøpt av Stenbro Jacobsen. Han hadde dei siste fem åra vore leiar for Kristelig Pressekontor. Han tok over både som redaktør og eigar. Jacobsen prøvde seg med ei viss stoffutveksling med Romsdals Budstikke i Molde, men opplaget var for lite og annonsane for få til at avisa kunne overleve, og i 1939 var det slutt for Stenbro Jacobsen som eigar. På folkemunne heitte det at avisa oftare blei lagd ned enn ho kom ut.

Etter initiativ og finansiell bistand både frå høgrefolk i Ålesund og Høgre sentralt, kom Aalesunds Avis i gang igjen i 1939, og då med Reidar Stavseth som redaktør. Avisa skulle no bli ei endå tydelegare partiavis, og samkøyringa med Romsdals Budstikke blei sterkare. I 1941 blei redaktøren i Romsdals Budstikke, Kjell Steinsvik, også redaktør i Aalesunds Avis. Men i september året etter fekk han beskjed frå Pressedirektoratet om at avisa måtte slutte å kome ut, fordi det var papirmangel. Nazistane tok i tillegg i bruk redaksjonslokala i Ålesund.

Først i desember 1945 kom Aalesunds Avis ut på nytt med eitt nummer, på grunn av regelen om at dei avisene som ikkje kom ut innan 1. januar 1946, kunne risikere å misse forlagsretten. I 1946 og 1947 kom avisa ut som vekeavis, og den redaksjonelle staben veksla mykje. Ei tid var avisa til og med redigert av ein komité. Så tok overrettssakførar Einar S. Ellefsen over som redaktør og utgivar gjennom Næringslivets Forlag, og han dreiv avisa som ei nokså sporadisk vekeavis fram til julenummeret i 1952. Det året kom Aalesunds Avis ut med berre 27 nummer. Også seinare kom nærmast reine annonseutgåver av Aalesunds Avis, men som journalistisk produkt enda avisa sine dagar før jul i 1952.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017