Hopp til innhold
X
Innhald

Aalesunds Blad

Aalesunds Blad, frå 1895 Søndmøre Folketidende, fekk ei kort, men omskifteleg historie, med stadig nye redaktørar. Avisa overlevde bybrannen i 1904, men var svekt og gjekk inn i 1911.

Den andre avisa som kom ut i Ålesund etter at Aalesunds Handels- og Søfartstidende blei stifta i 1850-åra, var Aalesunds Blad. Det er noko uklart når det første nummeret av denne avisa kom ut. Det første kjende eksemplaret er frå 17. mai 1871, men nokre kjelder hevdar at avisa blei grunnlagd så tidleg som i 1869, og med telegrafstyrar Edvard Endresen som redaktør. Avisa sjølv skriv at 1895 er 26. årgang, dermed kan etableringsåret også vere 1870.

I alle fall så tidleg som i 1872 var kjøpmann Frantz Mathias Olsen utgivar. Olsen eigde også trykkjeriet, men han var sjølv ingen fagmann. Det var overrettssakførar P.A. Devold som skreiv leiarane den første tida, og han la an ein meir frisinna tone enn det Aalesunds Handels- og Søfartstidende stod for. I 1895 blei Frantz Mathias Olsen kemner i Ålesund, og det var ein posisjon som var vanskeleg å kombinere med det å vere aviseigar. Julaftan 1895 kom Aalesunds Blad ut med sitt siste nummer, og 2. januar 1896 blei ei ny avis fødd i Ålesund.

Det var bokhandlar Johannes Aarflot d.y. som tok over etter Aalesunds Blad og grunnla Søndmøre Folketidende. Johs. Aarflot var son til Johannes Aarflot d.e., som i si tid grunnla Aalesund Handels- og Søfartstidende. Den første redaktøren i den nye avisa var Axel Skagen, som seinare var mangeårig journalist i Aftenposten. Etter nokre år tok Asbjørn Syrrist over. Han blei seinare redaktør i Tønsbergs Blad. Cand.jur. Johan Krag var redaktør frå 1899 til 1901 og blei etterfølgd av eigaren sjølv, bokhandlar Aarflot, som sat fram til 1906. Seinare var mellom anna islendingen Olafur Felixson redaktør. Chr. Sangesland sat som redaktør då Søndmøre Folketidende gjekk inn i oktober 1911. Avisa blei refinansiert hausten 1910 og kom ut som dagsavis frå januar 1911, men det gjekk ikkje meir enn ni månader før den nye kapitalen var oppbrukt og eigarane sa stopp.

Søndmøre Folketidende var fram til bybrannen ei liberal-konservativ avis, men etter at Aalesunds Handels- og Søfartstidende ikkje kom i gang igjen etter brannen, blei Søndmøre Folketidende ei meir reindyrka konservativ avis. Då utbrytarpartiet Frisinnede Venstre blei etablert i 1909, kunngjorde dåverande redaktør og overrettssakførar P.A.S. Arctander at avisa var eit organ for det nye partiet, men to år etterpå var det altså slutt.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017