Hopp til innhold
X
Innhald

Aalesunds Handels- og Søfartstidende

Lite er kjent om dei første åra til Aalesunds Handels- og Søfartstidende. Avisa hadde stor gjennomtrekk av utgivarar og redaktørar, og den redaksjonelle eigenproduksjonen var liten. Bybrannen i 1904 tok knekken på bladet.

Det eldste eksemplaret av den første avisa i Ålesund er frå 1866, og det er oppgitt å vere den 10. årgangen. Dette kan tyde på at det første nummeret kom i 1857, medan avisa hevdar at ho var i sin 18. årgang i 1873. Dermed kan det vere rett som det står i Kristian Bugge si bok Aalesunds historie at det første nummeret av Aalesunds Handels- og Søfartstidende kom ut sommaren 1856. Ålesund fekk bystatus i 1848, og det var eit visst påtrykk frå den nyskipa handelsforeininga om at den nye byen måtte ha si eiga avis.

Det var bokhandlar og seinare ordførar og stortingsmann Johannes Aarflot d.e. som tok initiativ til å starte den første avisa i Ålesund. Han samarbeidde med boktrykkjar Hans Tybring von Zernichow, som stod som utgivar, medan Aarflot var redaktør. Aarflot høyrde til dei konservative, og det kom også til å prege avisa. Sidan det å vere redaktør var arbeid ved sida av levebrødet, blei det mest klipp frå andre aviser, annonsar og kunngjeringar som prega avisa. Aalesunds Handelsforening fekk inn faste telegram om gangen i fisket og også nyhendemeldingar av forretningsmessig interesse. Desse fekk avisa lov til å bruke. På den tida var Ålesund ein by med eit par tusen innbyggjarar, og fiskeri var den dominerande næringa.

Lærar Carl Frøland tok over som redaktør etter Aarflot. I 1873 tok Ole S. Iversen over etter Zernichow som trykkjar og utgivar. Truleg i samband med dette skiftet blei avisa heitande Aalesunds Tidende frå 1872 til 1876. Etter Frøland var telegrafinspektør Løkke redaktør fram til 1880, og dei neste ti åra, fram til 1890, var det overlærar Gabriel Hetting Landmark som styrte i redaksjonen. Frå 1890 til 1893 var sonen til den første redaktøren, cand.jur. Johannes Aarflot d.y., redaktør. Alle desse hadde redaktørvervet som ein fritidsjobb. Avisa kom ut to gonger i vek. Frå 1893, derimot, fekk avisa sin første heiltidstilsette redaktør, cand.philol. Laurentius Urdahl. Han hadde jobben i eitt år, før boktrykkjar Klaus E. Fjelde i 1894 tok over som både eigar og redaktør. Ei tid var også broren, doktor Herman Fjelde, redaktør. På folkemunne blei avisa kalla «Gamle mutter» i motsetning til den nokså nystarta Søndmørsposten og Søndmøre Folketidende.

Aalesunds Handels- og Søfartstidende fekk som dei andre avisene i Ålesund øydelagt alt utstyret sitt i den store bybrannen i januar 1904 og kom seg ikkje på føtene att etter det.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017