Hopp til innhold
X
Innhald

Agder Tidend

Agder Tidend var ei nynorskavis som talte bøndene si sak. Avisa kom ut i Kristiansand mellom 1919 og 1963 som dagsavis, og som vekeavis fram til 1985.

Agder Tidend kom ut som eit «Blad for bøndene, maalfolket, fraahaldsfolket og fiskarane paa Sørlandet» og vart eit organ for Bondepartiet då det vart skipa i 1920. Avisa hadde om lag 1000 aksjonærar då ho starta, og den første redaktøren var Ivar Høvik. I heile perioden som dagsavis var Agder Tidend redigert på nynorsk.
Avisa sitt nedslagsfelt var begge Agder-fylka, eit område der det hovudsakleg var Venstre-aviser som dominerte. I mellomkrigstida var Agder Tidend det nest største organet i bondepressa, med eit opplag på 5000 i 1920 og 4000 i 1932, og var den einaste bondeavisa som greidde seg gjennom 1920-åra utan økonomiske vanskar. Ein av dei største konkurrentane fram til andre verdskrigen var avisa Fædrelandsvennen, som òg kom ut i Kristiansand.
Agder Tidend hadde ein sterk kultur for å sleppe til lesarinnlegg. Slik kom eit breitt spekter av meiningar kring bondesaka til uttrykk i avisa. Særleg følgde og dokumenterte avisa krisetida i norsk landbruk i mellomkrigstida.
Agder Tidend vart lagd ned i 1963, men same året vart avisa etablert på nytt som vekeavis og vart då gitt ut på bokmål. Året før hadde opplagstalet gått ned til kring 2300, og i 1979 til i underkant av 2000. I staden for nyhendestoff vart det i perioden som vekeavis satsa på lokalt reportasjestoff – med bygdene og Senterpartiet som interessepunkt. Avisa gjekk inn for godt i 1985.
Kjelder
Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra a til å, bd. 4. Oslo 2010
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
Rune Ottosen (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Presse, parti og publikum 1880–1945, bd. 2. Oslo 2010
Universitetsbiblioteket i Oslo: Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo 1973

Først publisert: 08.11.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013