Faktaboks

Åndalsnes Avis
Offisielt namn
ÅNDALSNES AVIS AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Åndalsnes
Stifta
15.07.1983
Dagleg leiar
Trond Arvid Alund
Styreleiar
Ole Bjørner Welde
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Åndalsnes Avis er ei dagsavis i Åndalsnes. Ho er grunnlagt i 1926, og kjem ut tre gonger i veka. Lokalavisa dekkjer Rauma kommune, og er eid av Polaris Media ASA.

Historie

Åndalsnes Avis kom i spora til Raumabana, og blei etter kort tid einerådande på staden. Under kampane i 1940 kom avisa med engelsk utgåve for dei britiske styrkane. Åndalsnes Avis er i dag eigd av Polaris Media.

Det første nummeret av Aandalsnes Avis kom ut på Åndalsnes 10. august 1926 og skulle ifølgje undertittelen vere «Et Blad for indre Romsdal». Dette var to år etter at Raumabana var blitt opna og hadde gjort tettstaden Åndalsnes til eit regionsenter.

Utgivar og redaktør for den nye avisa var boktrykkjar John L. Larsen, som hadde etablert sitt eige trykkjeri på Åndalsnes. Han ville gi ut ei avis med «fyldig lokalt nyhetsstof» og eit diskusjonsforum for folket i regionen. Aandalsnes Avis kom ut tre gonger i veka og blei godt motteken. Allereie etter eit par månader måtte den etablerte avisa på staden, Jordbrukeren, leggjast ned. Men også den nye avisa prioriterte jordbruksstoff, naturleg nok sidan dei fleste lesarane i området var bønder. Etter berre ein månad kunne avisa i ein eigenannonse fortelje at ho «allerede nu er et av de mest læste blad i indre Romsdal». Også i åra framover ser avisa ut til å ha hatt ein stabil vekst. John L. Larsen dreiv avisa fram til 1935. Då overtok sonen John N. Larsen, som dreiv avisa heilt til 1982. I 1951 blei Aa- i avisnamnet skifta ut med Å-.

I dei dramatiske aprildagane i 1940 blei også Åndalsnes Avis ramma av den tyske bombinga. I jubileumsnummeret 10. august 1976 blei dette skildra slik: «Det siste nummer ble utgitt den 20. april under bomberegnet, mens vinduene i huset var blåst ut og personalet stadig måtte legge seg på gulvet eller søke nærmeste beskyttelsesrom.» Avisa greidde likevel å kome ut i nye lokale, og ikkje berre det: Sidan det då var britiske styrkar på staden, kom avisa også ut i engelsk utgåve, truleg som den einaste avisa i landet! Sidan radioen ikkje fungerte, blei heile opplaget rive bort – inntil tyskarane fekk full kontroll også over Åndalsnes.

Då andre verdskrigen var slutt, kunne avisa halde fram som før som den leiande avisa i sitt distrikt.

Ved årsskiftet 1982/83 blei avisa kjøpt opp av Romsdals Budstikke A/S og gjekk over til tabloidformat. Litt seinare i 1980-åra overtok Dagbladet aksjemajoriteten i Romsdals Budstikke A/S, men i 1991 trekte Dagbladet seg ut frå regionen, og Orkla Media (seinare Edda Media) overtok selskapet, med dei tre avisene Romsdals Budstikke, Åndalsnes Avis og Driva. I 2009 blei desse avisene kjøpte av Polaris Media.

Opplag

Opplagstall for Åndalsnes Avis, 1986-2022

1986 3812
1988 4227
1990 4184
1991 4261
1992 4335
1993 4336
1994 4315
1995 4304
1996 4253
1997 4258
1998 4201
1999 4193
2000 4188
2001 4124
2002 4137
2003 4092
2004 4111
2005 4101
2006 4125
2007 4125
2008 4119
2009 4035
2010 3891
2011 3830
2012 3721
2013 3646
2014 3571
2015 3452
2016 3330
2017 3318
2018 3475
2019 3502
2020 3492
2021 3374
2022 3438
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1932 1000
1950 2500
1970 2300
1983 3330
1993 4336
1998 4201
2008 4119
2016 3047

Lesartal

Totale lesertal for papir og digitalt, inkludert ope innhald ein gjennomsnittsdag i 2016 var 9000 (Mediebedriftenes Landsforening).

Fakta

  • Fyrste nummer vart utgitt 10.8.1926.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar.

Faktaboks

Åndalsnes Avis
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg