Opplagstall for Årdal og Lærdal avis, 1997-2001

1997 1931
1998 2419
1999 2612
2000 2689
2001 2427
Kilde: medienorge.uib.no

Årdal og Lærdal Avis var ei papiravis som kom ut i Øvre Årdal i Sogn og Fjordane frå 1997 til 2002. Avisa oppstod då A-pressa prøvde på å komme inn på avismarknaden i Sogn, men ho skulle få eit heller kort liv.

Årdal og Lærdal Avis var ei lokalavis med brei dekning av nyhende og samfunnsliv i nedslagsfeltet. Avisa var partipolitisk uavhengig. Dekningsområdet til Årdal og Lærdal Avis var dei to kommunane Årdal og Lærdal.

Historie

Årdal og Lærdal Avis vart skipa i 1997 og kom ut første gongen 7. mai. Berre få dagar før hadde dagsavisa Sogn Dagblad, som var Årdal sitt hovudorgan i etterkrigstida, gått inn. Årdal og Lærdal Avis kom ut tre gonger for veka frå starten og fram til 2001, deretter to gonger i veka.

Årdal og Lærdal Avis hadde avdelingskontor i Lærdal frå 1997 til 2000. Redaktørar har vore Ole Johannes Øvretveit (1997), Svend Arne Vee (1997–2000) og Kjell Eldegard (2000–2002). Avisa hadde opplagsauke dei første åra, frå 2419 eksemplar i 1998 til 2689 eksemplar i 2000. Deretter gjekk det litt tilbake, til 2427 eksemplar i 2001. Avisa blei trykt hjå Firda Trykk i Førde. Ho hadde heile tida nynorsk som målform.

Årdal og Lærdal Avis vart skipa og eigd av A-pressa (no Amedia), som ein utfordrar til Sogn Avis sin dominerande posisjon i Indre Sogn. Men i 1999 kom det til eit oppgjer, då A-pressa fekk hand om ein blokkerande eigarpost i Sogn Avis, gjennom Firda Media AS. Som eit byte mot dette, la A-pressa samtidig ned Avisa Sogndal og selde Årdal og Lærdal Avis til Sogn Avis. Tre år seinare vart Årdal og Lærdal Avis nedlagt, men i 2004 oppstod nettavisa Porten.no i Årdal. Dette var ei av dei første lokalavisene i landet som berre dreiv nettavis og ikkje gav ut papiravis.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eggum, T. (2009): På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag.
  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg